Os Venstre ønskjer å byggje eit smart signalbygg i Osøyro for kultur- og medianæringar. Dette vil skape liv på Øyro, samstundes som vi byggjer på dei gode og sterke kultur- og handverkstradisjonane vi har i Os frå før.
Os Venstre ønskjer å byggje eit smart signalbygg i Osøyro for kultur- og medianæringar. Dette vil skape liv på Øyro, samstundes som vi byggjer på dei gode og sterke kultur- og handverkstradisjonane vi har i Os frå før.

Tid for nye idear

Nye arbeidsplassar i Os er jobb nr. ein, skriv Glenn Erik Haugland (V) i dette lesarbrevet.

LESARBREV: Innan 2030 treng Os minst 2000 nye arbeidplassar. I den siste tida er det blitt færre. Utviklinga går i feil retning, noko som tvingar osingane til å pendla. Eg forstår godt alle dei som er lei av å køyra til og frå Bergen kvar einaste dag. Det vert mindre tid for familien og mindre tid til det ein har lyst å bruka tida si på. All biltrafikken til og frå Bergen er heller ikkje bra for klimaet. Å skapa fleire arbeidsplassar i Os er difor kommunevalets viktigaste miljøsak.

Feil fokus

Næringslivspolitikken i Os har hatt feil fokus under FrP/H. Det har i for stor grad handla om store prosjekt på bekostning av dei mindre. Ein har sett for seg store gevinstar i luftige prosjekt som enten har mislukkast (Lidl-lageret), eller ligg så langt fram i tid at osingane har mista trua på om det nokon gong vil skje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politikken verkar gamaldags og handlar typisk om einsidige og risikable satsinger på samferdsel (luftslott som bru over Bjørnafjorden). Næringspolitikken i Os liknar kort sagt meir på gambling og tilfeldigheiter enn planmessig dyrking av gode idéar og initiativ.

Kan ikkje satsa alt på eitt kort

Det trengs nye idéar, ny giv og ny politikk for å skapa fleire varige arbeidsplassar i Os. Det handlar om å ta vare på både dei som har idéane, dei som kan å driva fram ein idé til realitet og dei som kan handtera økonomien.

I Venstre arbeider vi hardt med å skapa ein næringslivspolitikk som er smart, oppfinnsom og konkret. Å skapa fleire arbeidplassar handler ikkje om å satse alt på eit kort, men eit spekter av tiltak og initiativ.

Ei rekkje tiltak

Os Venstre jobber tett opp mot stortingsgruppa vår, og det siste året har Venstre i Stortinget fått gjennomslag for ei rekkje viktige tiltak som vil hjelpa dei som ønskjer å skapa arbeid i Os:

- 2 nye såkornfond á kr 150 mill., kor av eitt til Bergens-regionen.

- Nytt pre-såkornfond (heilt nytt verkemiddel) på 40 mill (osingen Anders Haugland, adm. dir Bergen Teknologioverføring, jublar).

- Styrka etablerarstipendordninga til Innovasjon Norge med 110 mill.

- Innført 100% sosiale rettar for sjølvstendig næringsdrivande kva gjeld fødsel og omsorgspermisjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eiga stortingsmelding om vilkåra for sjølvstendig næringsdrivande i vid fortstand.

Eige kommunalt fond i Os

Her i Os foreslår vi å oppretta vårt eige kommunale fond for gründarar i tillegg til ei stilling som næringslivsvert som kan hjelpa etablerarar.

Os Venstre har gåande ein dialog med Innovasjon Norge og andre lokale finansieringskilder som Sparebanken Vest for å sjå på korleis ei samordning av ulike finansieringskilder kan stimulera nye verksemder.

Venstres 5. kandidat, Astrid Dale, sit i tillegg i styret til nyetablerte Os Næringsråd. Eit råd som det er viktig å samarbeide med for å skapa gode utviklingsmiljø og næringsklynger.

Forsking- og teknologisenter

Meir arbeid i Os handlar om å byggja på det vi er gode på frå før og det vi har naturgjevne forutsetningar for å få til. Dyrking av tang og tare til mat, medisinar og bio-drivstoff er ingen framtidsdraum, men ein realitet i dag.

Bjørnafjorden ligg godt til rette for dette, og Halhjem kai (som vert nedlagt når ferjefri E39 via Fusa vert ei realitet), eignar seg ypperleg som base for denne type næring. Det blir godt med plass på Halhjem når ferja forsvinn. Kanskje det er plass for eit akvarium og eit forsking- og teknologisenter for maritime næringer?

God skule avgjerande

For å gjera Os attraktiv for dei som vil skapa nytt arbeid, er ein god skule avgjerande. Os Venstre vil jobba for fleire lærlingplassar og oppretting av nye fagtilbud ved Os vgs innan til dømes media, kommunikasjon og design. Det viser seg at det er ofte i kombinasjonen av ulike fagfelt, til dømes handverk og teknologi, kjem nye idéar som kan bli til nye arbeidsplassar.

Ei av Europas raskast veksande næringar gir arbeid til mange unge vaksne og er ofte lokale næringer. Nær 20% av dei som arbeider innan kultur og mediasektoren er under 30 år. Det handlar om Europas 3. største næring.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Os er denne næringa allereie sterkt representert: Varde Film og Media, Midtsiden.no, Oseana, Vedholmen Galleri, Aurora Aksnes, Marius Neset, Os og Fusaposten, Steinar Birkeland, Studio Velvia, Silje Lepsøy, Galleri Solbakkestovo, ABO Plan & Arkitektur, Os Kulturskule, André Øvredal, Comino Forlag, Os Fest, Helge Haukeland, Opera Omnia, Bilde og skulptursymposiumet i Os, Oselvarverkstaden, Ole Amund Gjersvik, Hallgeir Bjørnevik, og mange fleire.

Signallbygg for kultur og media

Os Venstre ønskjer å byggje eit smart signalbygg i Osøyro for kultur og medianæringar. Dette vil skape liv på Øyro, samstundes som vi byggjer på dei gode og sterke kultur- og handverkstradisjonane vi har i Os frå før.

Vi kan dagleg lesa om folk som har mista arbeidet sitt i Nordsjøen og som har idéar til nye verksemder. Venstre har dei poltiske løysingane og den beste politikken for å gje desse og andre gode vekstvilkår.

Det vert sagt om Venstre at vi er eit miljøparti med næringsvett. Venstre er meir enn det, vi er eit hardtarbeidende parti med mange gode idéar.

Det er tid for å tenkja nytt for å få til nytt arbeid i Os.

Her i Os foreslår vi å oppretta vårt eige kommunale fond for gründarar i tillegg til ei stilling som næringslivsvert som kan hjelpa etablerare.

Glenn Erik Haugland

Kulturentrepenør

Artikkelen held fram under annonsen.

2. kandidat for Os Venstre