Ramo Racic har vore i glitrande form i sesongstarten. (Arkvi
Ramo Racic har vore i glitrande form i sesongstarten. (Arkvi

Tilbake på vinnarsporet

To mål frå Ramo Racic var med på å sikra Søfteland sin andre siger for sesongen borte mot Valestrand Hjellvik 2 lørdag.

Den tidlegare Os og Lysekloster-spissen Racic, mista seriestarten mot Djerv grunna jobb, men dei tre følgjande har han spelt. Det har resultert i fem mål og tre målgjevande.

- Vi har vore bra denne sesongen. Vi tapte for Djerv som verkar å vera suverene, men etter det eg forstår, gjorde vi ikkje ein dårleg kamp mot dei. Mot Nordnes vann vi overlegent med 6-0. Kampen mot Norheimsund var himmel og helvete frå vår side. Førsteomgangen er det beste vi har prestert i år. Etter pause fall vi heilt saman. Vi tapte til slutt 5-2 etter å ha leia til pause. Det var utelukkande vår feil, seier Racic.

Artikkelen held fram under annonsen.

Glitrande opning

Søfteland-leiren blei einige om at det ikkje skulle skje fleire gonger denne sesongen, og laurdag var dei attende på vinnarsporet.

- Vi var gode mot Valestrand Hjellvik. Då spelte vi som vi gjorde i fjor, og framstod som vi ønskjer.

Laget har fått ein ok start på sesongen, og Racic har opna glitrande.

- Kor mange mål ser du føre deg å skåra i år?

- Eg kjem nok til å mista nokre kamper grunna jobb. Eg har alltid som mål å nå tosifra, men utover det har eg ikkje sett meg eit mål for eit tal skåringar i løpet av sesongen. Det kjem an på kor mange kampar eg får med meg, og kor godt eg får trent.

Neste kamp for Søfteland er heime mot Dale laurdag.