Tjuvane kom tilbake - og tok whiskyflaske

For andre gong på 14 dagar fekk hytta i Fusa besøk av innbrotstjuvar.

Fredag 13. novemberbraut innbrotstjuvar seg inn i ei hytte og eit naust på Baldersheim i Fusa. Dei tok ei lensepumpe, ein kartplottar, eit knivsett - og brennevin. To veker seinare har hytteeigarane meldt frå om at tjuvane har vore der igjen.

- Det er ganske snodig. Denne gongen har dei prøvt seg på eit våpenskap - utan våpen i - og elles har dei teke ei whiskyflaske. Andre ting av verdi har dei ikkje rørt, seier politibetjent Anders Opsal ved Fusa og Tysnes lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet har ikkje kome lenger kva gjeld å finna ut kven som står bak. I alle høve bør dei som eig hytter i området sjekka om det har skjedd noko.

Støy frå fest

Elles har det vore ei roleg helg for politiet på båe sider av Fusafjorden. Politiet i Os melder om at dei i helga rykte ut til ein fest i eit nabolag på Ytre Moberg, der det vart spelt høg musikk etter midnatt.

- Det var ein fest med mange deltakarar, fleire bilar i gata og høg musikk. Det gjeld ei adresse me har vore på ein del gonger tidlegare. Festen vart avvikla rundt kl 2, seier Rune Fimreite ved Os lensmannskontor.

Rusa førar

Vidare har politiet i Os avskilta to bilar i helga, den eine pga. manglande forsikring og den andre pga. manglande EU-kontroll.

Natt til sundag, klokka 2.30, stoppa politiet ein bil ved UNO-X i Tøsdalskrysset.

- Mannen er mistenkt for å ha køyrt i ruspåverka tilstand. Han vart teken med til legevakten for blodprøve, og det vart oppretta sak, seier Fimreite.