På Melhus kunne Karoline Breivik for første gong i karrieren stiga til topps på pallen etter eit Noregscup-race. (Privat foto)
På Melhus kunne Karoline Breivik for første gong i karrieren stiga til topps på pallen etter eit Noregscup-race. (Privat foto)

Tok sin første NC-siger

Karoline Breivik er i kanonform på rallycross-banen. I helga vann ho sin første Noregscup-runde.

Sist helg vann ho Vestlandsmeisterskap-runden på Eikås. I helga kryssa ho mållina først under Noregscup-runden på Melhus. Dette var 19-åringens første NC-siger i karrieren.

- Det har gått supert dei siste vekene. Når morfar syt for at bilen er i perfekt stand før kvart løp, er det berre å pressa gassen i botn og koma seg først i mål, flirer Karoline.

Artikkelen held fram under annonsen.

Råmoro

Os-jenta har vunne dei tre siste rallycross-rundane ho har køyrt i klassen for junior. Morfar Håvard Gaassand er stolt over Karolines innsats dei siste vekene.

- Ho køyrar utruleg bra om dagen. På Eikås vann ho over ein sjåfør med langt meire hestekrefter, og no på Melhus gjekk ho til topps i konkurranse med 12 andre sjåførarar, seier Gaassand.

Finalesigeren kom som resultat av ein knallgod start.

I finalen stakk Karoline rett i tet frå sit andrespor. Ho heldt leiinga til mål. (Privat foto)
I finalen stakk Karoline rett i tet frå sit andrespor. Ho heldt leiinga til mål. (Privat foto)

- Med ei bestetid, to nestbeste tider og ei fjerde beste tid, fekk ho startspor to i finalen, men takk vere ein råsterk start, gjekk ho rett i leiing, og heldt på den til mål, fortel Gaassand.

Han synest det er råmoro å følgja Karoline.

- Eg servar ho så godt eg kan, og kosar meg når eg ser ho i aksjon, seier han.

Karoline sjølv kan ikkje få fullrost morfaren nok.

- Utan han hadde eg ikkje hevda meg som eg gjer. Han gjer ein utroleg god jobb, fiksar alt som går i stykker, og er også ein god motivator og rådgjevar før løpa, skryter Karoline.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til Danmark

Når vårsesongen her heime no er over, vurderer det sterke Os-teamet om ikkje dei skal ta seg ein tur utanfor landets grenser for å konkurrera.

- Det er ein stor rallycross-festival i Danmark no i midten av juli. Dersom eg får fri frå jobben, stiller me i den. Visst ikkje vert det ikkje nye løp før i august igjen her heime. Det kan bli litt lenge, seier Karoline.