Sjølv om kommunen har gjort sitt endelege elendige vedtak er siste ord definitivt ikkje sagt i denne saka. No er det din tur! Lever ditt eige høyringssvar, oppmodar Knut Børgesen (biletet), Nils-Anders Nøttseter og MDG.
Sjølv om kommunen har gjort sitt endelege elendige vedtak er siste ord definitivt ikkje sagt i denne saka. No er det din tur! Lever ditt eige høyringssvar, oppmodar Knut Børgesen (biletet), Nils-Anders Nøttseter og MDG.

Tramp på brua innan 20. januar!

Ordførar Bruarøy har no stemt for Øyabru. Men det er framleis ikkje for seint å trampa på planane og skrika opp frå folkedjupet, skriv MDG.

LESARBREV: Dei som måtte vera i tvil fekk svar i kommunestyret sist torsdag. Det er fundamental skilnad på kva Frp/H og opposisjonen meiner er bra for Os. Når det gjeld bru over Bjørnafjorden, ilandføring i Søre Øyane og firefelts motorveg gjennom Os, seier heile opposisjonen «Nei takk!» klart og tydleg.

Likevel seier kvar einaste representant frå FrP og Høgre «Ja!». Vi treng ikkje gjenta alle dei gode argumenta mot dette prosjektet - dei er vel kjende. Men det er på sin plass å minna om ein ting: Dette er noko Frp/H har jobba for frå dag ein. Terje Søviknes har vore ein heilt sentral pådrivar for midtre trasé. Partifellene Espen Aspenes og Gustav Bahus stadfesta torsdag at frykta for å missa Svegatjørn-Rådal har vore styrande for arbeidet. Aspenes innrømma at frykta for å hamna i bakevja no er grunnlaus. På ein blunk forsvann Søviknes sitt kronargument for midtre trasé, men likevel held Frp fram i den kursen dei alt hadde staka seg ut. Det var i sanning ein kveld for sjølvmotseiingar. Posisjonen slo sine eigne argument i hel så effektivt at dei politiske motstandarane vart gjort arbeidslause til tider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren har stemt FOR bru

Den nye ordføraren vår har ei anna oppfatning enn opposisjonen av kva som er konstruktivt å seia i ein slik høyringsprosess. Ho stod beinhardt på at ho aldri nokon sinne hadde stemt FOR bru til Søre Øyane, før ho måtte innrømma at ho heller aldri har stemt MOT brua. Men NO har ho stemt FOR bru; For i vedtaket ho røysta for torsdag står det svart på kvitt at kommunen stør bru til Søre Øyane. Ikkje berre røyrbru slik dei argumenterte for, kommunen stør utgreiing av tre forskjellige typer bru. Dra gjerne på bruferd til Hardanger og sjå kor lite diskret eit brufeste kan bli.

I forkant av kommunestyret vakna det eit sterkt engasjement blant dei som får dette prosjektet inn i nærmiljøet sitt, og som hadde trua på det Høgre lova i 2013: «Er du i mot bru til Søre Øyane? Då er Høgre det rette partiet for deg». Vi vonar innbyggjarane ikkje misser motet av resultatet. Det er det ingen grunn til. Det er enno mange vedtak som skal til for å realisera prosjektet, og kostnadane aukar jamt medan trafikken no minkar.

Bruk stemma di

Sjølv om kommunen har gjort sitt endelege elendige vedtak er siste ord definitivt ikkje sagt i denne saka. No er det din tur! Lever ditt eige høyringssvar!

Privatpersonar, organisasjonar eller andre samanslutningar kan alle levera eigne høyringssvar. Lag din eigen ordlyd, eller gjenbruk opposisjonen sitt forslag. Send det til Statens Vegvesen, på epost til firmapost-vest@vegvesen.no (merk med «E39 Stord-Os»). Hugs fristen fredag 20. januar!

Lokale protestar skal bli høyrde - bruk stemma di, støtt det partiet du meiner talar di sak best. Engasjer deg og organiser deg. Miljøpartiet Dei Grøne Os er klare motstandarar av bru og midtre trasé over Bjørnafjorden. Vi vil gjera alt vi kan for at dette luftslottet hamnar på tre hundre famnars djup etter stortingsvalet i september og neste kommune- og fylkestingsval.

Nils-Anders Nøttseter

Knut Børgesen

Miljøpartiet Dei Grøne Os