Gry Skarstein med familie og veninne samla på graset i Sigurdsvika. Bak frå venstre: Lilly, Morten, Viktoria med Malia i fanget og pappa Erik. Framme til venstre Emma. (Privat foto)

Tre generasjonar Skarstein fullførte Os triathlon

71 grader Nord-aktuelle Gry Skarstein fekk med seg både far og dotter på Os triathlon.
Publisert 05.09.2016 kl. 18.00.

Kring 250 deltakarar stilte opp i den niande utgåva av Os triathlon søndag. Blant desse tre blad familie Skarstein.

- Det var kjempekjekt. Eg gav pappa påmeldings-linken til farsdagspresang. Han tok turen eine og åleine frå Lofoten berre for å delta, fortel Gry.

Far og dotter godt nøgd etter fullført triatlon.

Sprek far og dotter

Erik Skartstein er 59 år. Gry meinte han måtte ha ein Os triathlon-erfaring før han runda 60.

- Eg trur kanskje han kjem att neste år. Han synest i alle høve det var kjempekjekt, fortel Gry.

Ho hadde også dottera si Emma på startstreken.

- Emma driv med symjing og har vore med også tidlegare, fortel ho.

12-åringen sprang først over målstreken i klassen for jenter 10-12 år.

- Eg er kjempestolt over pappa og Emma. Dei gav meir jernet enn meg. Eg tok det mest som ein trening, fortel 71 grader Nord-deltakaren.

Mannen bak gode gamle Opus kulturkafé, Erik Skarstein (59) is still going strong.

Stilte på kort varsel

Norenesingen fekk også med seg lagveninna frå 71 grader Nord, bergenseren, Viktoria Birkeland.

- Ho er rimeleg sprek ho også. Sjølv om eg ikkje kom på å invitera ho med før ein dag i førevegen, så var ho på plass og gjorde ein flott konkurranse, fortel Gry.

Ho legg til at både hennar utflytta far og gjesten frå Bergen var imponert over det flotte arrangementet.

- Me stiller nok neste år også. Då vert me kanskje endå fleire frå familien, avsluttar Gry.


Siste saker Gå til framsida

Liv Grete og Jonas Gahr Støre fann tonen

Statsministerkandidaten fekk høyra om korleis Liv Grete Skjelbreid nyttar alt ho lærte som skiskyttar i arbeidet med å byggja opp hyttehotellet på Skjelbreid. Jonas Gahr Støre la til at Liv Gretes livsfilosofi også er god samfunnsmedisin.