Tre tilfelle av promillekøyring i natt

Det har vore travelt for betjentane frå Os lensmannskontor i natt. Tre tilfelle av promillekøyring, trugsmål og urinering er blant tilfella dei måtte slå ned på.

Den travle nattevakta starta dei med å dela ut forenkla førelegg til ein mann i 40-åra. Han fann det for godt å "vatna blomane" i Os sentrum litt før midnatt.

Ikkje lenge etter stansa politiet kveldens/nattas første bilførar mistenkt for promillekøyring. Denne karen - ein mann i 40-åra - blei stansa i nærleiken av Os sentrum og teken med til legevakta for blodprøve. Sak er oppretta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rundt midnatt blei ein mann i 50-åra pågripen etter å ha kome med alvorlege trugslar mot ein annan mann. Mannen sette seg såpass opp mot politiet at han måtte overnatta i arresten. Han er no meldt for trugslar.

Ville ikkje oppgje namn

Nattas andre tilfelle av promillekøyring fann stad i Os sentrum. Då politiet stoppa sjåføren, hadde han ikkje sertifikat og ville ikkje oppgje personalia. Mannen, som er av utanlandsk opprinning, måtte pent overnatta i arresten. Saka er meldt.

Det tredje tilfellet av promillekøyring kom politiet over etter at to menn i 20-åra hadde kollidert med tilhengjaren på ein gravemaskin litt utanfor Os sentrum. Det er førebels uvisst for politiet kven som førte bilen, men begge vart sendt til legevakta for blodprøve, og saka er meldt.