Ørjan Sandal kunne nok ønskt seg ein hyggjelegare avslutning på Lysekloster-tida.
Ørjan Sandal kunne nok ønskt seg ein hyggjelegare avslutning på Lysekloster-tida.

Trist sorti i 2. divisjon

Dei hadde ikkje noko å spela for og det såg heller ikkje slik ut. Lysekloster avslutta 2. divisjonstida med 0-2-tap for Førde.

- I første omgang var det ein del bra. Me styrte spelet og hadde nokre sjansar. No i andre omgang var det dårleg. Faktisk noko av det svakaste eg har sett av laget på årevis, sukkar Ørjan Sandal.

Som Os og Fusaposten skreiv tidlegare i dag sluttar han no som assistentrenar i klubben.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det må gjerast nokre gode grep no etter sesongslutt, men nett no ser det ut til at alle, både spelarar og trenarar treng litt ferie, sukkar Sandal.

Slutt for Zhubi

Fleire av dei utanlandske spelarane har hatt eitt-årskontrakt og forlét Lysekloster etter årets sesong. Slik vert det truleg også med Petrit Zhubi.

- Det er litt leit, men eg ser ikkje for meg å spela i 3. divisjon. Eg vil helst vera audmjuk, men det vert hakket for lågt, seier svensken.

Petrit Zhubi forlet banen ti minutt før full tid. Mykje tyder på at dette var hans siste kamp i Lysekloster-drakta.
Petrit Zhubi forlet banen ti minutt før full tid. Mykje tyder på at dette var hans siste kamp i Lysekloster-drakta.

Han synest det er veldig leit, for miljømessig har han trivst enormt godt.

- Eg skal ha ein prat med leiinga, så ingenting er sikkert, men det går nok mot klubbskiftet, trur eg, seier han.

- Må flytta beina

Ein som blir er Martin Eidsvik. Osingen har spelt seg inn på laget denne hausten, men var ikkje særleg stolt av det dei presterte mot Førde.

- Det var rævva. Me flyttar ikkje beina i det heile teke, og sjølv om kampen ikkje hadde noko å seia, så er det drit å ikkje visa seg frå ei betre side i siste kampen, konstaterer midtbanespelararen.