Solveig Lovise Håland har flest dyr av rasen Simmental. Dyra har kvitt hovud og brun kropp, og kjem opphavleg frå Sveits.
Solveig Lovise Håland har flest dyr av rasen Simmental. Dyra har kvitt hovud og brun kropp, og kjem opphavleg frå Sveits.

Trivnad i floren for folk og fe

I 2012 flytta Solveig Lovise Håland og dyra hennar inn i ein heilt ny fjøs. Sidan den gong har kvardagen vore ein heilt annan. - Dyra trivst og eg trivst. Eg rår alle til å gjera det same, seier heiltidsbonden.

Stellet i det gamle fjøset var svært tungvint. I den nye driftsbygningen har Håland mellom anna ein fôrrobot som hjelper henne med måltida. I tillegg er det lyst, triveleg og luftig.

- Det er kjekt å gå på jobb, seier Håland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Storfe og sau

Ho og mannen, Dag Kenneth Tombre, overtok garden til foreldra hans på Gjøn i Hålandsdalen i 1998. På den tida var det mjølkekyr dei husa, men paret bestemte seg raskt for å byta mjølkeproduksjon med storfe og sauer.

- Utan mjølkekyr kan eg starta morgonstellet kva tid eg vil. Eg plar gå i gang rundt ni, og så er eg ferdig i 11-tida. Arbeidet handlar først og fremst om stell av dyra. Det er viktig at kalvane har det tort og fint, og at dyra får den kraftfôrmengda dei skal ha, spesielt dei som har kalva, seier Håland.

På kveldstid får ho som regel hjelp av mannen eller yngstesonen Sivert. Då vert arbeidstida halvert.

Solveig Lovise Håland trivst godt i det nye fjøset på Gjøn. No planlegg ho og mannen, Dag Kenneth Tombre, å utvida meir.
Solveig Lovise Håland trivst godt i det nye fjøset på Gjøn. No planlegg ho og mannen, Dag Kenneth Tombre, å utvida meir.
Då Solveig og mannen tok seg ein etterlengta ferietur til Tenerife i januar, sneik sjølvsagt to av kyrne seg til å kalva. Ikkje heilt etter planen, men det gjekk bra.
Då Solveig og mannen tok seg ein etterlengta ferietur til Tenerife i januar, sneik sjølvsagt to av kyrne seg til å kalva. Ikkje heilt etter planen, men det gjekk bra.
Nokre av dyra er veldig glad i kos.
Nokre av dyra er veldig glad i kos.
I driftsbygningen på Gjøn bur det også kring 80 sauar.
I driftsbygningen på Gjøn bur det også kring 80 sauar.
Tyrmagasinet og oksekatalogen er fast lesestoff på garden.
Tyrmagasinet og oksekatalogen er fast lesestoff på garden.

- Eg gjer alltid klart det vi treng på kveldstid på dagen, fortel bonden som bestemte seg for å verta bonde på heiltid i 2006.

- Tidlegare arbeidde eg som sekretær på Hålansdal leirskole. Eg var pen dame, men vart meir og meir bonde etter kvart, seier ho og ler.

Mest Simmental

I fjøset på Gjøn bur det 74 store og små kjøtfe. Av desse er det om lag 30 vaksne ammekyr, og mange kviger. Ti av dei skal ha kalv i løpet av våren.

- Vi fekk to kalvar før jul, og så kom det to i januar, då eg og mannen min var på ferie, seier Håland og legg til:

- Det gjekk fint. Kyrne og avløysarane klarte jobben fint.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei aller fleste kalvane kjem i februar og mars. Men så er det alltid nokre slengjarar i april og mai. I den mest hektiske perioden følgjer familien med på kameraet i fjøset både seint og tidleg, men i dei aller fleste tilfella går det greitt.

- Det er sjeldan vi må ringja dyrlegen å be om hjelp. Når ein driv med avl, finn ein fort ut kva dyr det er problem med. Små, lette kalvingar er noko av det ein legg vekt på når ein skal bestemma seg for kva dyr ein vil satsa på, seier bonden som sjølv er oppvaksen på gard.

Simmental (Sveits), Limousin (fransk) og Charolaise (fransk) er blant rasane som er representerte på garden. Tidleg-are hadde Solveig kveg av rasen Hereford (engelsk) også, men dei fekk for mykje fettrekk og kjøtet vart klassa ned.

- I dag har vi mest Simmental. Rasen gjev best slakt. I tillegg er tilveksten på kalvane høg, og morseigenskapane gode. Eg er veldig glad for at vi gjekk over til den rasen, fortel ho.

Når kalvane vert fødde, veg dei kring 50 kilo. Åtte månader seinare, når dei kjem inn frå sommarbeitet, kan vekta lett visa mellom 350 og 400 kilo.

- Kalvane som vert fødde i februar/mars får kjempegod nytte av sommarbeitet. Dei får mjølk frå mora og næringsrikt gras på fjellbeite. Dyra veks enormt, fortel bonden.

Tyrmagasin og oksekatalog

På Gjøn vert aviser og anna lektyre titt og ofte byta ut med tyrmagasin og oksekatalog. Noko av det Solveig Håland synest er mest spennande med bondeyrket, er å skapa nytt liv. I tillegg til kveget, har ho om lag 80 sauer i fjøset, og då avisa var på besøk, var det berre to dagar til årets fosterteljing.

- Det vert spennande å sjå kva våren bringer, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bonden vedgår at ho er litt av ei "hønemor" når det gjeld lamma. Ho vert veldig lei seg dersom ho mister nokon.

Håland fortel om ein firlingfødsel ho hugsar godt. To av lamma var ikkje heilt normale. Dei vart teken bort frå mora (ved firlingfødslar er det vanleg at to av lamma vert fôra opp som kopplam). Alle trudde dei kom til å døy.

- Det eine lammet hadde ein pose på hovudet. Det såg ut som eit slags brokk. Det andre greidde ikkje å strekkja ut beina, fortel ho.

Solveig gav lamma mat, og masserte beina til det eine. Ho hadde aldri trudd at duoen kom til å overleva, men det gjorde dei.

- Historia viser at ein aldri må gje opp før det er for seint, seier ho.

Håland angrar ikkje eit sekund på at ho og mannen valte å byggja ny driftsbygning på garden.

- Anten måtte vi leggja ned, eller så måtta vi satsa, seier ho.

Sistnemnte gjer dei framleis. No er planen å utvida den nye fjøsen med 15 meter, slik at kalvane får betre plass, og det blir fleire liggjebåsar til hodyra.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er krav frå Mattilsynet at alle hodyr som er seks månader gamle skal ha tilgang på tett og mjuk liggjeplass, fortel Håland.

Den lokale Fusa-bonden har ikkje noko hastverk med eventuelt å gje frå seg gardsarbeidet til eitt av dei fire borna.

- Førebels er det ingen som vil overta. Men det gjer ingenting. Eg har lyst til å driva garden i mange år enno, seier 53-åringen.