Anders Kinden og kjærasten Kjersti Alver har flytta inn i Markhus AS sin del av den nye drabantbyen. - Her trivst me, seier Kinden.
Anders Kinden og kjærasten Kjersti Alver har flytta inn i Markhus AS sin del av den nye drabantbyen. - Her trivst me, seier Kinden.

Trivst i "ny drabantby"

Den omfattande utbygginga i Hjellemarka er godt i gang. Ein av dei som har flytta inn er Os-spelar Anders Kinden.

I slutten av april i år flytta Kinden og kjærasten Kjersti Alver inn byggefeltet som Markhus Bygg AS står for.

- Kvifor valte de å flytta hit?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Her har eg kort veg til Os, medan Kjersti, som jobbar i Bergen, heller ikkje har så lang veg til jobb, seier Kinden.

Dei bestemte seg kort tid etter at svigerinna og svogeren til Kinden hadde kjøpt husvær i det same byggefeltet.

- Det gjekk berre nokre få dagar, så kjøpte me også. Det er veldig fint her, og me trivst godt så langt. Naboane er hyggelege også, seier han.

Det har kome mange nye bustader i Hjellemarka.
Det har kome mange nye bustader i Hjellemarka.
Og fleire er under konstruksjon.
Og fleire er under konstruksjon.

Ferdig i løpet av 2017

Det er Block Watne, Markhus Bygg AS og Bøe og Lepsøy Utbygging AS (BLU AS) som står bak "drabantbyen" i Hjellemarka.

Markhus byggjer på sørsida av den "nye byen". BLU AS byggjer rett over haugen, medan Block Watne har bygd på nord-sida.

Dagleg leiar i Bøe og Lepsøy Utbygging AS, Steinar Jensen, fortel at bygginga og salet av bustader har gått som forventa. I 2011 godkjende kommunestyret utbyggingsplanane i Hjellemarka, og arbeidet med infrastrukturen tok til. I 2012 starta BLU AS å byggja bustader, og utbygginga var planlagt gjennomført i løpet av ein treårsperiode.

- Det skjer ofte endringer undervegs i prosjekta. Utbygginga vert ikkje ferdig i år. Me har ikkje sett noko ny tidsramme, men eg tenkjer at i løpet av 2017 er realistisk, seier Jensen.

Mange byggjetrinn

Prosjektet er delt opp i fleire trinn, og det første byggefeltet (B-5) med 20 bustader, var ferdig for over eitt år sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

I B-6 er 18 bustader ferdig, og bebudd, medan 24 framleis er under bygging.

I byggjetrinn B-9 er det 16 bustader. Alle er selt, og bygginga er godt i gang.

Grunnarbeidet er starta i B-10. Feltet består av 48 husvære og nesten alle er selt.

- Bustadene i B-7 vert lagt ut for sal i september, medan B-8 er litt lengre fram i tid. B-8 kan dreia seg om 60 bustader. Det er markedet som avgjer kor mange det vert, seier Jensen og utdjuper:

- Om det er slik at markedet ønskjer store leiligheiter, vert det færre bustader, og om det er mange som ønskjer seg litt mindre leiligheiter, vert det fleire, seier han.

Miks av lokale og tilflyttarar

Så langt har det vore størst etterspruand etter leilegheiter, men også rekkjehusa har selt godt. Jensen seier at det ikkje berre er lokale som slår seg ned i "drabantbyen" i Hjellemarka.

- Det er tydeleg at leilegheiter er eit behov på Søfteland, men samstundes har det vore etterspurnad frå heile bergensområdet. Eg vil seia at det er om lag 50/50 med osinger og tilflyttarar, seier han.