Ein av desse seks stikk av med 10.000 kroner til bruk på sin store lidenskap.
Ein av desse seks stikk av med 10.000 kroner til bruk på sin store lidenskap.

U18 Rein lidenskap: Finale i årets store TV-satsing i Os & Fusaposten

Ein av desse talentfulle ungdomane vinn 10.000 kroner til bruk på sin store lidenskap. Og du er med og avgjer!

I samarbeid med 8. klasse ved Os ungdomsskule har Os&FusaTV samla inn nesten hundre bidrag frå alle skulane i Os og Fusa til U18 Rein lidenskap.

No er seks finalistar valde ut. Dei seks er Sofie Evensen frå Os, som driv med skyting, volleyballspelar Terian Kaelo frå Strandvik, freestyle-dansar Martine Blomberg frå Os, norenesing og karatetalent Tuva Baggen, motocross-køyrar Mattias Eide og songaren Victoria Bakka frå Fusa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søndag 16. desember kjem fyrste episode med fyrste finalist. Me sender ein episode kvar dag fram til fredag i neste veke.

Når alle finalistane er lanserte, vert det høve for deg til å gje di stemme på osogfusa.no. Følg med på våre nettsider!

jostein@osogfusa.no