Magne Brekke og Tine Havsgård har dansa standard-latin dans i 10 år og har etter kvart fått veldig god swiing på det.
Magne Brekke og Tine Havsgård har dansa standard-latin dans i 10 år og har etter kvart fått veldig god swiing på det.

Uformell stemning - selskapeleg dans

I over ti år har Os Swingklubb hatt kurs for selskapsdans i Kløvertun. Framleis er det ledig plass på parketten.

Klubben er mest kjent for å fostra talent innan boogie woogie, folkeswing og andre swing-relaterte stilartar. Men også innan selskapsdans, eller såkalla latinamerikanske dans, er det medlemer som når høgt nivå. Måndag var Os og Fusaposten med på kurset for vidarekomne. I lag med instruktør Sølvi Uthaug og Trym Jensen kosar gjengen seg gløgg. Men dei skulle gjerne ønskt dei var fleire.

- Me har det veldig moro og har kjempeflinke instruktørar, men det hadde ikkje gjort noko om me fekk nokre fleire med på partia. Kanskje særskilt nokre mannfolk, ler Turid Brekke og Karen Drange. I mangel av danseglade kavalerar går sistnemnde under kallenamnet "han karen", ettersom ho stadig må steppa inn å ta herrestega i lag med Turid.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg synest det er morosamt uansett, men det hadde heilt klart vore kjekt med eit par mannfolk til her, smiler Drange.

Sju ulike dansar

Det er ei hyggjeleg og uformell stemning i Kløvertun. Langt mindre glitter og stas enn dansen ein skal utøva skulle tilseia.

- Her kjem me som me er. Litt gode sko - sko som glir litt er bra. Elles er det ikkje noko fjolleri, ler Turid Brekke.

Sølvi Uthaug har undervist i selskapsdans i ei årrekkje. Her i lag med søftelendingen Trym Jensen som ein gong i tida var Sølvis instuktør då ho gjekk og lærte på studentsenteret i Bergen.
Sølvi Uthaug har undervist i selskapsdans i ei årrekkje. Her i lag med søftelendingen Trym Jensen som ein gong i tida var Sølvis instuktør då ho gjekk og lærte på studentsenteret i Bergen.
Med litt manko på herremenn må nokre av damene stundom ta herrerolla. Her er det Karen Drange som er "karen", medan Turid Brekke dansar dame-stega.
Med litt manko på herremenn må nokre av damene stundom ta herrerolla. Her er det Karen Drange som er "karen", medan Turid Brekke dansar dame-stega.

Hovudinstruktør Sølvi Uthaug har undervist i standard-dansar i årevis. Dei siste åtte åra har ho hatt faste timar i Kløvertun.

- Sjølv starta eg med BSI (Bergen Studentidrettslag) som 19-åring. Instruktøren min frå den gong er faktisk med meg her i dag, fortel Sølvi og presenterer meg for Trym Jensen.

Jensen er berre med sånn av og til.

- Eg er ambulansesjåfør, så det er ikkje alltid eg kan. Men har eg tid, så er eg med, seier søftelendingen.

I Kløvertun køyrer Sølvi og Trym to parti kvar måndag. Eitt for nybyrjarar og eitt for vidarekomne. På partiet for vidarekomne er dei bra erfarne.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei som er her i dag har dansa ein god del. Målet vårt er å få opp fleire frå nybyrjarpartiet slik at gruppa for vidarekomne vert litt større, fortel Sølvi.

Selskapsdans rommar ei rekkje ulike dansar, men i Kløvertun har dei avgrensa det til sju stykk.

- Det er meir enn nok. Mange har store nok problem med å læra seg éin, så det krevst litt tolmod for å koma inn i det her, seier instruktør uthaug.

Variert og allsidig

Dei tre para som er på plass på måndag har alle vore med ei stund. Likevel skal det noko til å hugsa alt dei har vore gjennom.

- Me tek den rumba-framsyninga der me dansa synkront, foreslår Magne Brekke.

- Åh, det hugsar ikkje eg så godt. Eg var ikkje med så mykje på den. Då får du ta den med Sølvi, foreslår Brekkes dansepartnar, Tine Havsgård.

Magne er også med på swing-dansen om onsdagane. Han liker begge delar på kvar sin måte.

- Det som er kjekkast med standard-dansen er at han er meir variert. Ein må hugsa på meir, men ein lærer jo dans til så mange ulike høve, seier Brekke og ramsar opp jive, rumba, foxtrot, tango og cha cha cha.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sistnemnde dans liknar ein del på rumba, berre at han går nær dobbelt så fort.

Bydd på dans

Også underteikna har eit forhold til cha cha chaen. Som ung gut på Hjellestad fekk eg steppa inn med teskei av instruktør Truls Jordan. Eg var nok neppe noko særleg talent, men grunnsteppa sit akkurat greitt nok til at eg klarer meg nokre rundar på parketten i lag med instruktør Sølvi.

- Det var ikkje verst det der. Eit par gangar til her med oss så har du friska opp att den dansen skikkeleg, smiler instruktøren oppløftande.

Til andre som har ein selskapsdansar i magen har ho same melding.

- Folk må starta her når de vil. Om årets kurs alt er i gang, så gjer det ingenting. Me tilpassar opplegget etter kven og kor mange som kjem. Alle er velkomne, smiler Sølvi før me takkar for dansen.