Fredrik Halhjem Sælen (24) og Henrik Espetvedt (24) gjer som fedrane og blir tømrarar.
Fredrik Halhjem Sælen (24) og Henrik Espetvedt (24) gjer som fedrane og blir tømrarar.

Utdanning: Går i fedranes fotspor

For mange ungdomar er det å velja utdanning eit vanskeleg val, men ikkje for Henrik Espetvedt og Fredrik Halhjem Sælen. Fedrane deira dreiv tømrarfirma saman, og no går dei to i lære hos Byggmeister Aarvik.

Henrik og Fredrik har vore kompisar sidan barndommen. Dei har alltid vore glade i å byggja ting, det vera seg med lego, eller seinare når dei fekk vera med på arbeidplassen til fedrane.

- Særleg Fredrik var interessert i lego i barndommen. Han har ikkje heilt klart å leggja det frå seg no heller, seier Henrik og ler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredrik berre ristar på hovudet.

- Det stemmer ikkje, men det er rett at eg leika mykje med lego då eg var liten.

Sveineprøven nærmar seg

Dei to har om lag eit halvt år att av læretida. Sveineprøven nærmar seg med stormskritt.

Sveineprøven nærmar seg for barndomskompisane Henrik og Fredrik, som går i lære hos Norgeshus Byggmester Kjell Aarvik.
Sveineprøven nærmar seg for barndomskompisane Henrik og Fredrik, som går i lære hos Norgeshus Byggmester Kjell Aarvik.

- Vi reknar med at det skal gå greitt, seier Henrik.

- Er det slik at de kan vera heldige å få ei enkel oppgåve, og uheldige å få ei veldig krevjande oppgåve?

- Sveineprøven er strengt veldig enkel i dag, skyt bas Arild Balland inn frå sida.

Frå første bolt til siste spiker

Det er tre år sidan Fredrik og Henrik starta i lære, faktisk med berre ei vekes mellomrom.

- Vi har nok samkøyrd litt, ja, seier Fredrik.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva er det som gjer tømrarfaget interessant?

- Det er stor variasjon i arbeidskvardagen. Det er sjeldan at to dagar er like, seier Henrik og legg til:

- Det å vera lærling hos ein totalleverandør som Aarvik, byr på ein variert kvardag. Det er store skilnader på å byggja nytt, og byggja på. Her får vi vera med frå første bolt til siste spiker.

- Det er også kjekt å ha den kjensla av å byggja noko med eigne hender, seier Fredrik.

Det finst ikkje dårleg vêr

Dei trivst godt i yrket, men sjølv om dei begge er glade i utfordringar, medgjev dei at ikkje alle dagar er like kjekke.

- Kva tenkjer de når de stormar og de må jobba utandørs?

- Det er berre å kle seg godt, men på slike dagar er det ekstra godt å setja seg i bilen etter arbeidsdagen er over og køyra heim, seier Fredrik.

Skryt av lærlingane

Norgeshus Byggmester Kjell Aarvik tel i dag 30 tilsette. Bjarte Aarvik fortel at dei har hatt fem lærlingar dei siste åra, fordi det har vore behov for å oppbemanna. No har dei gått ned til to lærlingar. Han har i løpet av åra rettleia mange lærlingar, og kan fortelja at det ofte tidleg er lett å sjå kven som har det som skal til for å lukkast i yrket.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Først og fremst må ein vera interessert i faget. Dei som er presise på jobb, og legg ned eigeninnsats på kveldane ved å lesa litt i bøker til dømes, dei lukkast. Dei som verkeleg vil får det til, seier Bjarte.

- Kva synest du om Henrik og Fredrik?

- Dei to er fantastiske. Dei har vore pliktoppfyllande heile vegen, og representert firmaet på ein god måte.