Nora Blindheim Nøss strålte i hovudrolla som Gabrielle.
Nora Blindheim Nøss strålte i hovudrolla som Gabrielle.

Vakre Gabrielle

Nora Blindheim Nøss (10) sjarmerte ei fullsett Os kyrkje som engelen Gabrielle laurdag.Anne Marie Aarøen Vangsnes

Det er tredje gong at Os kyrkjelyd set opp julemusikalen Gabrielle. Som alltid handlar det om den vesle engelen Gabrielle som alltid kjem for seint til avtalane sine. Noko som kan vera litt slitsomt for både englemor Gro Helen Blindheim Skjælaaen og englefar Roar Evjedal.

Men då Gabrielle til og med kjem for seint til englekoret på Betlehemsmarka, fører det henne og venen, gjetarguten Isak, til det nyfødde Jesusbarnet i stallen. Der syng Gabrielle for babyen og dermed endar ho likevel opp med ei viktig rolle den fyrste julenatta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stall med krybbe

Det er Os kyrkjelyds familiekor ShubaDups som er grunnpilaren i framsyninga. Her er før nemnde Blindheim Skjælaaen leiar, medan Stine Kobbeltvedt er dirigent. I tillegg er Edle Svendsen Lunde med som forteljar og regissør.

Saman har dei skapt ei framsyning som er både varm, sjarmerande og ikkje minst julete. I tillegg til flotte kostyme og englevinger over alt, er scenografien strålande. Her er både bål til gjetarane, stall med krybbe og ein lysande engleportal. Om ikkje borna alltid hugsar replikkane sine, viser dei stor speleglede og songane sit som dei skal.

Så er det i alle fall lov til å håpa at det ikkje er siste gongen at Gabrielle gjester Os-kyrkja.