Ein stolt og Vidar Mjånes vart i helga som var overraska med å bli tildelt svart belte 4. dan under eit graderingsstemne på Voss. Sjefs-sensei Jon Wicks stod for utnemninga.
Ein stolt og Vidar Mjånes vart i helga som var overraska med å bli tildelt svart belte 4. dan under eit graderingsstemne på Voss. Sjefs-sensei Jon Wicks stod for utnemninga.

Vart fullstendig teken på senga og utnemd til 4. dans-utøvar

Best av alt liker han å hjelpa andre til ny gradering, men laurdag vart Vidar Mjånes sjølv heidra og tildelt svart belte 4. dan.

Den mangeårige karatetrenaren frå Os Karateklubb var nær ved å måtte melda pass til graderingssamlinga på Voss no i helga. Etter ei veke med vinterferie på Geilo, var han rett og slett blitt litt små-sjuk.

- Eg var ikkje heilt i slag og ymta frampå at eg kanskje måtte stå over, men vart overtala til å møta opp. No skjønar eg kvifor, hum-rar 48-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Møtte opp med diplom

Heile vestlands-gjengen i WIKF-Noreg, samt ein del frå Nord-Noreg var på plass i Voss idrettshall laurdag då Sjefs-sensei Jon Wicks tok ordet å byrja på ei tale om eit talent dei ville heidra. Då sjefen stansa opp og tok Vidar på skuldra, skjønte han ingen-ting.

- Eg fekk med meg at han hadde eit diplom i handa, men at det handla om meg var eg totalt uførebudd på. Det er ikkje nett vanleg kotyme at folk får utnemning til ny grad utan å sjølv ha bede om å få gradera seg, seier Vidar.

Han vart rett og slett teken på senga.

Amin Palislamovic (biletet) og broder Aner Palislamovic graderte seg til svart belte 1. dan i helga som var.
Amin Palislamovic (biletet) og broder Aner Palislamovic graderte seg til svart belte 1. dan i helga som var.

Det var veldig overraskande, meng sjølvsagt også svært så hyg-gjeleg, seier Vidar.

Han er no den einaste utøvaren frå Os Karateklubb med svart belte 4. dan. Leiar i klubben, Cato Bruarøy, er den einaste med høgare utnem-ning. Han vart utnemnd til å få svart belte 7. dan i fjor sommar.

Fleire potensielle 4. dan-arar

Vidar Mjånes har ikkje vore så oppteken av å gradera seg dei siste åra. For han har det stadig vore gleda ved å læra opp andre, som har vore den store drivkrafta.

- Men for all del. Eg synest det var utruleg kjekt å få denne heide-ren. Jon Wicks sa at dei meinte eg hadde det tekniske nivået inne til å få 4. dan. Det er klart det er hygjeleg, seier Mjånes.

Han håpar no at fleire i klubben kan få denne utnemninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har eit par med 3. dan som kan gradera seg til 4. dan. Eg håpar at både Trond Blomberg og Oddbjørn Aspenes gjer eit forsøk på det til sommaren, seier Mjånes.

Palislamovic-brørne lukkast

Men trass i heideren Mjånes sjølv vart tildelt i helga, var det ein annan ting som gledde han meir.

- Dei siste vekene har eg jobba mykje med brørne Aner og Armin Paloslamovic og førebudd dei på graderinga deira for å få svart belte 1. dan. På Voss imponerte dei stort, fekk mykje skryt og gjorde seg fortent til graderinga. Det var utruleg artig og veldig fortent, seier Mjånes.