Vaska sjølv, eller behov for familiehjelp?

Er det på tide å gjera heimehjelp-timane om til familiehjelp-timar? Hadde pågangen vore større då? Og er det behov, spør Laila Reiertsen i dette lesarbrevet.

LESARBREV: Med ein stor auke i innbyggjartal i Os og fleire hus/leilegheiter, samt fleire innbyggjarar over 80 år, så skulle ein tru at behovet for heimehjelp var aukande. Men sånn er det ikkje. Dei siste to åra har talet på heimehjelpstimar gått ned med langt over 400. Dette i følgje siste tertialrapport frå kommunen.

Av dette kan ein stilla fleire spørsmål. Er terskelen for heimehjelp blitt høgare? Vaskar ein mindre? Eller er me no inne i ei ny "ordna vaskehjelp sjølv"-tid?

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit naturleg tilleggsspørsmål er: Kor vert alle desse timane av? Ja, for dei er med i budsjettet. Vert dei tillagt i heimesjukepleia? For heimehjelps stillingane er der. Eller vert dei brukt til noko anna?

Det er klart at kampen om ressursane er stor. Difor er det viktig at ein er bevisst utviklinga i alle einingar, og ikkje minst syt for rask omfordeling etter behov.

Og er det på tide å gjera heimehjelp-timane om til familiehjelp-timar? Hadde pågangen vore større då? Og er det behov?

Mange familiar treng ofte hjelp i vanskelege tider. Ein kan bli sjuk og behovet for hjelp i heimen til ulike oppgåver kan oppstå. Før i tida blei dei som hjelpte til i slike situasjonar kalla "husmorvikar". I dagens likestillingssamfunn er nok familehjelp eit meir riktig ord. Alle har ikkje nære pårørande som kan bidra med hjelp. Ofte er det små born i ein familie, og med eit sjukt familiemedlem, og eit som kanskje må på jobb, blir det fort ein utfordrande situasjon. Eg veit vi har ordningar som pleiepengar når born vert sjuke. Men det er annleis når dei vaksne vert sjuke og ikkje kan stilla krav.

Vi har alle lese overskrifter der åleinemødrer/fedrar må ta hand om småbarn sjølv. Ei hadde broten fot og hadde samstundes to bleieborn å ta seg av. Og ingen nære pårørande som kunne trø til heile tida. All fornuft seier at ho trengte hjelp. Men hennar hjelpebehov datt mellom ulike stolar i kommunetenesta. Og hjelpa kom først etter avisoppslag.

Ei anna sak var familien som fekk firlingar, fødd lenge før tida. Ein skjønar fort at ein treng all den ekstra hjelp ein kan få. Døgnet rundt. Og sjølv om alle i nærleiken strekkjer seg, og hjelper, er det ikkje nok. Men har ein rett på hjelp frå kommunen? Fleire liknande saker hadde vore løyst med ei familievikarteneste.

Eg trur nok Os kommune hadde gjort alt det dei kunne for å hjelpe i slike saker, men skal det være ei slags "vi løyser det her og no-sak" eller skal det vera eit ope tilbod som innbyggjarane skal vita om at finst, og dermed tryggjar dei, om ein kjem opp i utfordringar i livet?

Os Frp ønskjer ein raus kommune der ulike hjelpebehov vert stetta uansett kven innbyggjaren er, der ein er raskt på banen når samfunnsendringane er tydelege over tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laila M. Reiertsen

Os Frp