Vatnet fossa inn gjennom tak lagt av utanlandske snikkarar

Osingen trudde han skulle spara pengar ved å hyra inn rimelege taktekkarar, men då det nylagte taket ikkje var tett, rauk nok sparepengane likevel.

I helga fekk Os brannvesen spørsmål om dei kunne bistå etter at ein huseigar hadde fått lekkasje i det nylagde taket.

- Det lak vatn inn både her og der gjennom eit nylagt tak. Det viste seg at det var lagt av handverkarar utan kompetanse. Det er snakk om eit slikt utanlandsk firma som stadig skiftar adresse, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at brannvesenet valde å ikkje gjera noko med saka, men at huseigaren sjølv måtte leggja mellombels presenning på taket og elles venda seg til forsikringsselskapet.

- Farlege grøfter

Elles har de korkje brannvesen eller lensmannskontor i Os og Fusa fått inn meldingar om materielle skadar i samband med uvêret. Lokalavisa har fått inn eit tips om at nedbøren har laga store grøfter, opp til ein meter djupe, ved gamle postvegen på Hatvik.

- Det er farleg å gå der når mørket kjem, seier innringjaren.