Tor Endresen og Bjørn Jensen var godt nøgde med stemninga på Søre Øyane. - Og det på ein sundag! Fantastisk, sa Bjørn Jensen
Tor Endresen og Bjørn Jensen var godt nøgde med stemninga på Søre Øyane. - Og det på ein sundag! Fantastisk, sa Bjørn Jensen

Vestlandsfenomenet "Ausekarane" gjesta Øyane

Ausekarane sitt show "Me veit kor du bur" gjekk rett heim på Søre Øyane.

Søre Øyane var den perfekte ramma rundt Ausekarane sitt "strileshow" sundag kveld. At det høljeregna gjorde stemninga inne i båten berre endå betre.

- Er det noko stemning? spør Bjørn Jensen og får eit mandig kor til svar. 300 osingar har funne vegen. Latteren sit laust, og damene i baren har det travelt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Du veit, me har vorte så gode vener eg og deg, seier Tor Endresen til sin makker Bjørn Jensen.

- Og viss me hadde vore på ein båt i lag som gjekk ned, og det berre hadde vore ein redningsvest... då hadde eg sakna deg noko enormt, seier Endresen.

Like kjekt kvar gong

Mellom vitsane og historiene frå strilalandet, kjem det skamlaust lokalpatriotiske viser om "Hordaland, vårt paradis på jord", om oselvaren, og sjølvsagt hiten "fini bikini".

Einar Magnussen og Therese Raa syntest Ausekarane absolutt levte opp til forventningane.
Einar Magnussen og Therese Raa syntest Ausekarane absolutt levte opp til forventningane.
Emil Tetlie Brimsholm var ein av mange frå Søre Øyane som koste seg på dekk med gode vener.
Emil Tetlie Brimsholm var ein av mange frå Søre Øyane som koste seg på dekk med gode vener.
Showline-båten sett frå Sundøy.
Showline-båten sett frå Sundøy.
Tor Endresen med kveldens kanskje vakraste ballade - "Lengt",
Tor Endresen med kveldens kanskje vakraste ballade - "Lengt",

- Det er vel tredje eller fjerde gongen dei er her, det er like kjekt kvar gong, sa Emil Brimsholm.

Eit fenomen

Det er nostalgi, sjømannspreik, nynorsk, kystkultur, countrymusikk og høg kvalitet i alle ledd. Dei som trudde at konseptet "Ausekarane" ikkje kunne slå an hjå eit større publikum, har måtta svelgja orda sine. Dei har toppa VG-lista med "Farande fant". Dei har fått strålande kritikkar av Einar "Engelen" Engelstad i BT.

- Det er lett å kjenna seg att i "Ausekarane" for alle som hugsar strilelandet slik det eingong var, skreiv Engelen.

Og no er det altså niende året på rad at Ausekarane samlar full båt i bygd etter bygd langs Vestlandskysten.

Kjem til Osøyro

For dei som gjekk glipp av showet på Søre Øyane, kjem det ein ny sjanse 12. juli. Då kjem nemleg Ausekarane til kaien på Osøyro for å laga leven igjen!