Desse tre ordførarane skal sitja ved forhandlingsbordet når ein diskuterer eventuell samanslåing av Fusa, Tysnes og Os.
Desse tre ordførarane skal sitja ved forhandlingsbordet når ein diskuterer eventuell samanslåing av Fusa, Tysnes og Os.

Vil vurdera intensjonsavtale mellom Os, Fusa og Tysnes

Kommunesamanslåing: Tre kommunar står att som no vil setja seg ned for å diskutera samanslåingsspørsmålet.

Etter at inntektssystemet vart presentert i desember, har samanslåingsarbeidet skote fart mange stader i landet. Der blei det klart at deiøkonomiske konsekvensane kan bli store avhengig av korleis ein svarer på utfordringa frå regjeringa. Fristen er 1. juli, og difor er det hastverk om ein skal lukkast å gjera avtalar i tide.

- Har berre mars og april

- Planen er at det innan 18. februar skal oppnemnast forhandlingsutval i dei tre kommunane. Dei skal setja seg til bordet, og sjå om det er grunnlag for ein intensjonsavtale om samanslåing. Me har i realiteten berre mars og april på oss til å diskutera oss ferdige, seier ordførar Terje Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå Os si side er det alt bestemt kven som skal sitja i forhandlingsutvalet. Utvalet vil bestå av rådmannen og ein tillitsvalt, dessutan Terje Søviknes (Frp), Marie Bruarøy (H) og Helge Steinum (Ap) som politiske representantar.

- Er du meir positiv til samanslåinga enn tidlegare?

- Me har sagt at Os er stor nok åleine, men at me ikkje kan lukka døra for andre interesserte. Eg opplever at Fusa er positiv, medan det kjem meir uklare signal frå Tysnes, seier ordføraren.

To alternativ for Fusa

I Fusa er det etablert ei styringsgruppe som har møte tysdag. Deretter kjem saka på agendaen til kommunestyret 18. februar.

- Der kjem det opp ei sak som handlar om korleis me skal gå vidare. Etter at Samnanger og Kvinnherad melde seg ut, er det no to alternativ som står att. Det eine er ein null-variant, der dagens Fusa blir verande som ho er. Det andre alternativet er ein Bjørnefjordskommune, seier ordførar Atle Kvåle.

Deretter vil også Fusa delta i forhandlingsmøte med Os og Tysnes.

- Målet er å sjå på kva me kan få ut av noko slikt.

- Kva tema vil då bli drøfta?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er for tidleg å seia noko om. Dersom me kjem fram til ein intensjonsavtale, vil denne uansett bli sendt ut på ein høyringsrunde i Fusa, seier Kvåle.

Fire solide basar rundt Bergen

Det har no teke til å utkrystallisera seg fleire samlingspunkt kring Bergensregionen. Meland, Lindås og Radøy har alt inngått ein intensjonsavtale nord for Bergen. Fjell, Sund og Askøy kan bli ein kommune vest for Bergen, og på austsida har du fleire kommunar som vurderer det same.

- I dette perspektivet er det spanande å ha Os, Fusa og Tysnes som ein solid aktør sør for Bergen. Då blir det fire ganske kraftige omeignskommunar til Bergen som eg trur vil få eit godt samspel, seier Søviknes.

- Men det må vera utruleg mange spørsmål som må avklarast før ein kan gå i gang?

- Ja. Det er alt frå grunnleggjande tenesteproduksjon til stab- og støttefunksjonar. Tenestene må no ein gong vera der folk er, men ein kan godt sjå for seg at stab- og støtteordningar kan plasserast både i Uggdal og i Eikelandsosen. Men Osøyro blir kommunesenteret, seier Søviknes.

Politiske konsekvensar?

- Har du rekna noko på kva ei samanslåing vil seia politisk?

- Det er no det minste oppi dette. Eg har registrert at det enkelte har sagt at Frp/H vil mista eit reint fleirtal dersom ein legg dagens valresultat til grunn. Men det vil jo bli eit heilt anna persongalleri og heilt andre vilkår dersom ein går for dette, og ein skal ha nyval.

- Kva tid kan ein konkret slå seg saman dersom det vert tilfelle?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er naturleg at ein får ein overgangsperiode fram mot neste kommunestyreval. I 2019 vil ein då kunna få det første valet av eit nytt kommunestyre i bjørnefjordskommunen, avsluttar Søviknes.