- Om ein er på badestranda, på båttur, hytteferie, innbyggjar på Vinnes eller frå nabobygdene - alle saman er hjarteleg velkomne til å ta turen utom for å låne ei god bok, seier formann i Vinnesholmen Kystlag, Roger Hoel.

Vinnesholmen Kystlag opnar "Friluftsbibliotek"

- Dette passer bra i Friluftlivets år, seier formann i kystlaget, Roger Hoel, om nyvinninga på Vinnesholmen.

Jostein Halland

jostein@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Kystlaget har fått overlevert ca 600 bøker frå Forsvarets velferdstjeneste, som dei no vil gjera tilgjengelege for folk som er på tur ute på Vinnesholmen.

- Om ein er på badestranda, på båttur, hytteferie, innbyggjar på Vinnes eller frå nabobygdene - alle saman er hjarteleg velkomne til å ta turen utom for å låne ei god bok, seier Hoel.

Utlån blir basert på tillit. Det er inga registrering eller lånekort, og heller ingen tidsfrist for levering.

- Vi held ope døgnet rundt i sommar.

Bøkene er plasserte på "løo", og døra står open heile tida.

Opninga fredag kveld blir markert ved at forfattar Anders Holmefjord seier nokre velvalde ord, og les høgt for dei frammøtte.

- Alle er hjarteleg velkomne, avsluttar Hoel.