«Work in Progress» på Oseana

Laurdag opnar to nye utstillingar ved Oseana Kunst & Kultursenter. Bjarne Svanøe stiller ut nye måleri og teikningar i Galleri Hvelvet. I tillegg vert det «Work in Progress» med utvalde verk frå Griegsamlingen.

Jostein Halland

Artikkelen held fram under annonsen.

jostein@osogfusa.no

I «Work in progress» vert det vist til nokre lause samanhengar mellom dei utvalde verka i Griegsamlingen og dei tre utstillingane av samtidskunst i Hvelvet denne våren. Det vert vist verk av mellom andre Nicolai Astrup, Reidar Aulie, Marc Chagall, Arne Ekeland, Erling Enger og Thorvald Erichsen.

Har leika seg

- Som ny kurator ved Griegsamlingene har eg tillate meg å leika litt med forholdet mellom verk i samlinga og dei skiftande utstillingane denne våren, seier Evelyn Holm om «Work in progress».

- Sjølv om kvart kunstverk er eit unikt arbeid som taler for seg sjølv, tolkar vi det gjerne inn i ulike samanhengar. Nokre gonger opplever vi at møtet med eit kunstnerisk arbeid påverkar og til og med endrar erfaringa av andre arbeid. Kunsterfaringa er ikkje stabil, og sjølv om enkelte verk ikkje forandrar seg i objektiv forstand, bidreg ulike presentasjonar og tolkingar til ulik forståing. Det vert sagt at verket vert fullførd først i møtet med den som ser. På denne måten er all kunst i utvikling og forandring. De er "work in progress".

Utstillinga står til og med 30. april.

- Glad for å ha han tilbake

Bjarne Svanøe er utdanna ved Vestlandets Kunstakademi i Bergen og Statens Kunstakademi i Oslo. Utstillinga er hans andre på Oseana, og han er også representert i Griegsamlingen.

- Svanøe stilte ut på Oseana i 2014, og vi er svært glade for å ha han tilbake igjen. Bjarne Svanøes arbeid står i ein lang koloristisk og målerisk tradisjon, og både fargebruken og dei energiske strøka i bileta hans er uttrykk for ein personlig og intuitiv arbeidsmåte, kommenterer Holm.

Utstillinga står til og med 5. mars.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei neste to utstillingane i vår er med Marit Victoria Wulff Andreassen (11. mars-2. april) og Åge Langhelle (8.-30. april).