Dette dukka opp i digtalarkivet. Frå turen med Os sitt lilleputt-lag til Danmark og deltaking i Dana Cup. Der var det mange lagkameratar eg ikkje har sett på lenge. Gode minne.
Dette dukka opp i digtalarkivet. Frå turen med Os sitt lilleputt-lag til Danmark og deltaking i Dana Cup. Der var det mange lagkameratar eg ikkje har sett på lenge. Gode minne.

Då me gjekk til finalen

DIGITALARKIVET: Ein er seg sjølv nærast, er det noko som heiter. Det var i alle fall tilfellet då underteikna fekk ein snikpremiere på digitalarkivet til Os & Fusaposten, som vert lansert i dag.

Som lokalavis-redaktør burde eg nok søkt etter store, viktige, samfunnsrelaterte hendingar i Os- og Fusa-historia. Men, fyrste søkeordet vart sjølvsagt Jostein Halland. Så ærleg må eg vera. Og der dukka det opp både bursdagshelsingar, lagbilete frå tida på Søre Neset A-lag, bilete frå gatecupen på Kuventræ frå den tida eg hadde hår, og ikkje minst frå turen med Os sitt lilleputt-lag til Danmark og deltaking i Dana Cup. Der var det mange lagkameratar eg ikkje har sett på lenge. Gode minne.

Os & Fusapostens fyrste utgåve kom ut 20. juni 1987. Hausten 2016 sendte me alle avisene til Sveits for scanning. Der vart dei digitaliserte og indekserte, og i digitalarkivet kan abonnentane frå i dag av bla i alle dei nær 3.000 utgåvene av lokalavisa. Her kan du søkja på namn, hendingar, bilete, bedrifter, gratulasjonar m.m. heilt frå den aller fyrste utgåva og fram til i dag. Dette er ei digital, lokalhistorisk gullgruve som me i Os & Fusaposten er glade for å kunna gje til våre abonnentar. På denne måten kan du få heile avisarkivet heim i stova.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og når du er ferdig med å søkja på deg sjølv og dei du kjenner, ligg det framleis ei gullgruve av lokalhistorie og ventar, med reportasjar frå kvardag og fest i Os og Fusa gjennom tre tiår.

Avisene kan lesast som eAvis på nettbrett, mobil og desktop.

God fornøyelse!

Jostein Halland