Valets Kvåle

KOMMENTAR: Å flagga skulenedleggingar i valkamp-innspurten er høgst uvanleg. Men det var nettopp det Atle Kvåle gjorde. No leier han i racet om ordførarvervet.

I debatten ved Fusa vidaregåande skule 3. september, 11 dagar før valet, gjekk Ap tydeleg ut med sitt standpunkt. Éin felles skule i Eikelandsosen for elevar frå Holdhus- og Eikelandsosen-området, og éin felles skule for elevane på Fusa-halvøya. Nedlegging av Strandvik og Holdhus skular. Det var essensen.

Med fasit i hand viste det seg å vera ein kalkulert risiko som betalte seg. Ap doblar talet mandat i kommunestyret, og Kvåle seglar opp som favoritt i kampen mot Svein Lang og Sp om ordførarvervet.

Artikkelen held fram under annonsen.

KrF er jokeren. Partiets to mandat vippar fleirtalet i kommunestyret. Partitopp Bjarte Samnøy har sagt at skule ikkje vert den viktigaste saka i dei pågåande forhandlingane. "Meir sentralt står god økonomisk styring og balanse i rekneskapen utan at ein nødvendigvis treng auka gjelda til kommuen", har Samnøy uttalt. At skule, som har dominert årets valkamp, uansett er ei sentral sak også no når kabalen skal leggjast, er openbert.

Favorittstempelet til Kvåle skuldast Samnøys tidlegare signal om skulestrukturen i Fusa.

Han ønskjer seg større skulemiljø, større lærartettleik, fleire leikekameratar for elevane og heile klassar. Det tyder i praksis samanslåingar.

Forhandlingane pågår no. Om (kort?) tid har me svaret på om KrF vender seg til Ap (V og Frp), eller om Svein Lang likevel trekkjer det lengste strået.

Jostein Halland

Redaktør