(
(

Lesarbrev: Det krevst ei heil bygd for å oppdra, danna og utdanna eit barn

Difor prioriterer vi i FrP det viktigaste først. I Bjørnafjorden kommune skal barn og unge ha dei beste oppvekstvilkåra, skriv Eirik-André Hesthamar i dette lesarbrevet.

I vår kommunar er du allereie i våre tankar før du er født. Gjennom kommunen si jordmorteneste har vi vist at vi er framsynte, og Ønskjer å vera i stadig utvikling. Difor tilbyr vi både Trygg start og Nærjordmorsenter til våre nyfødde innbyggjarar.

Skal vera trygt

Det skal vera trygt og godt å bli ein del av Bjørnafjorden kommune. Os kommune har i mange år hatt full barnehagedekning. Dette er takka vera eit særs godt samarbeid mellom kommunen og våre mange ulike private barnehageeigarar. FrP er positiv til det mangfaldet av barnehagar vi har i Bjørnafjorden kommune i dag, og gler oss over at foreldra også i årets foreldreundersøking (Udir) er strålande nøgd med barnehagane i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

20 millionar til målretta tiltak i barnehage og grunnskule

For FrP har det også vore viktig å driva eit aktivt og kunnskapsbasert skuleeigarskap. Dette har vi gjort gjennom å etablera Prosjekt Betre Læringsresultat som ein aktivt og god dialogarena mellom administrasjon, tillitsvalde og politisk nivå. Kunnskapen frå prosjektet har gjort at FrP og Høyre saman med budsjettpartnarar dei siste åra har løyvd nær 20 millionar til målretta tiltak i barnehagane og grunnskulane våre som Dei utrulege åra, Meistringsteam, Leselos og Forsterkningslærar. Satsingar som vi no ser resultata av, og satsingar vi vil bringa inn i Bjørnafjorden kommune!

Målretta jobbing

Vi jobbar målretta med barn- og unge sitt psykososiale oppvekstmiljø. I eit godt samspel mellom kommunen og ulike ideelle organisasjonar finn vi ei lang rekke satsingar som Meistringsteamet, Innsatsteam mot mobbing, MOT-satsinga, Se meg – Ungdom og psykisk helse, Sjåast i morgon og Kjør for livet.

Det skal vera trygt og godt å veksa opp i Bjørnafjorden kommune!

Bjørnafjorden FrP prioriterer det viktigaste først – berre då kan vi levera Livskvalitet for alle!

Eirik André Hesthamar

6.-kandidat

Bjørnafjorden FrP