- Vi må venta, kanskje regjeringa kjem til å auka midlane etter revidert budsjett, sa Søviknes i

det siste forhandlingsmøtet. Kva tid har det vore eit stort problem å få meir pengar? Det trur

vi med respekt å melde at vi skulle klart å finne ei løysing på! Skriv Atle Kvåle og Tone Hepsøe.
- Vi må venta, kanskje regjeringa kjem til å auka midlane etter revidert budsjett, sa Søviknes i det siste forhandlingsmøtet. Kva tid har det vore eit stort problem å få meir pengar? Det trur vi med respekt å melde at vi skulle klart å finne ei løysing på! Skriv Atle Kvåle og Tone Hepsøe.

Lesarbrev: Redningsaksjon for Frp

Søviknes må sikre seg moglegheita til å seie «nei» til Byvekstavtalen, slik at han ikkje misser all truverdigheit, så kan han i kjent Frp-stil seie «ja» etter valet når stemmene er i boks, skriv Atle Kvåle og Tone Hepsøe i Bjørnafjorden Arbeidarparti.

Underteikna har følgt Byvekstforhandlingane i det året dei har gått føre seg. Det har vore eit arbeid for dei tolmodige, og prosessen har vore møysommeleg. Tallause timar har blitt brukt både frå politikarar og administrativt tilsette i kommunar og fylke. Endeleg var vi i mål og avtalen skulle sluttførast, langt på overtid! Men så skjedde det noko! Veljarane tok inn over seg at Frp ikkje var så store motstandarar av bompengar likevel! Bompengepartiet feide Frp av banen, og det med ei kraft som gjer at Søviknes må gå imot si eiga regjering. Den «frie stemmemarknaden» har talt, Frp er i krise. Søviknes er i krise, ikkje minst lokalt i Os.

Politisk sjølvmord

Etter samtalar med Søviknes under vegs i prosessen er det ikkje tvil om at Søviknes ønskjer å ta imot både skjønnsmidlar og belønningsmidlar, - noko er betre enn ingenting, det forstår den garva politikaren svært godt. Men slik stoda er no er det politisk sjølvmord for Frp og Søviknes å signera ein avtale FØR valet. Søviknes må sikre seg moglegheita til å seie «nei» til Byvekstavtalen, slik at han ikkje misser all truverdigheit, så kan han i kjent Frp-stil seie «ja» etter valet når stemmene er i boks. Skjønnar ikkje Frp at veljarane skjønar dobbeltspillet? Nok er nok, har dei sagt!

Artikkelen held fram under annonsen.

Case closed

Vi kan ikkje signere fordi alle kommunane ikkje sit ved forhandlingsbordet, vert det hevda av Søviknes. Jo da, det kan vi. Vi har Fellesnemdene, som kan brukast som sparringspartnar. Ordførarane i dei tilstøytande kommunane har stort sett følgt forhandlingane og har kunne kome med innspel til kommunane som sit ved forhandlingsbordet, dei har ikkje vore passive tilskodarar. Alle konkrete prosjekt må i tillegg godkjennast i dei nye kommunestyra, demokratiet er godt ivaretatt.

– Vi kan ikkje signere fordi politikarar i dag ikkje bør gjera avtalar som bind heilt fram til 2029, vert det også sagt. Flott! Då er inngripenen som bru over Bjørnafjorden «case closed!». Brua vil ha innverknad i generasjonar og kan ikkje gjerast om! Med Søviknes sin argumentasjon, så vert alle kommunestyrer sett sjakk matt.

– Det finst ikkje gryteklare prosjekt i kommunen, er eit av argumenta mot at Os skal inngå avtalen. Kven sitt ansvar er det då? Kven har ikkje gjennom planarbeid prioritert gang- og sykkelvegar i snart 20 år? Kven har leia kommunen inn i det uføret at heile planavdelinga no ligg med brekt rygg?

(
(

– Vi må venta, kanskje regjeringa kjem til å auka midlane etter revidert budsjett, sa Søviknes i det siste forhandlingsmøtet. Kva tid har det vore eit stort problem å få meir pengar? Det trur vi med respekt å melde at vi skulle klart å finne ei løysing på!

Må setjast på vent

Dersom avtalen ikkje vert inngått i år, vil det få den konsekvensen at 1,2 milliardar er tapt for Hordaland. Eit stort tal prosjekt i mange kommunar og fylke må setjast på vent, eller ikkje bli realiserte i det heile. Hordalendingane blir tvungne til å ofra 1,2 milliardar av fellesskapet sine midlar for å redda det fallande skipet Frp. Kor demokratisk er det?

Atle Kvåle, ordførar Fusa, Bjørnafjorden Arbeidarparti

Tone Hepsøe, Os kommunestyre, Bjørnafjorden Arbeidarparti