Helge Steinum (Ap), Sveinung Stensletten (V) og driftsleiar i klubben, Per-Ove Bahus Lysvold.
Helge Steinum (Ap), Sveinung Stensletten (V) og driftsleiar i klubben, Per-Ove Bahus Lysvold.

Fryktar for framtida til golfklubben etter utbyggingstankar

Bjørnefjorden Golfklubb er bekmyra for at to grunneigarar på Hauge skal få det som dei vil, og byggja bustader der klubben i dag held til. Men om politikarane held ord, har dei ikkje noko å frykta.

- Vi vil aldri tillata utbygging her, seier Helge Steinum (Ap).

Vil byggja 400-600 bustader

Torsdag vitja politikarar frå dei ulike partia i Os Bjørnefjorden Golfklubbs idrettsanlegg. Dei fekk ei omsyning på området, og ei orientering om klubben slik han framstår i dag, og kva tankar dei har for framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Golfklubben leiger av fem ulike grunneigarar. To av desse, Kjersti Bjørke og Stein Ole Moberg, har i områderegulering for Osøyro spelt inn at dei ønskjer å byggja 400-600 bustader i område, når utleigeavtalen med golfklubben går ut om ni år (sjå bilete). Dei har altså ingen intensjonar om å forlenga leigeavtalen med Bjørnefjorden Golfklubb.

- Klubben kjem til å gå under om de vel å la dette skje, seier leiar for klubben, Erik Just Olsen.

- Dette er Central Park i Os

- De har ikkje eit problem. Kvifor skal vi byggja ned dette? Det er heilt urimeleg. Området er ein del av det å gjera sentrum aktivt og attraktivt. Dette er Central Park i Os. Dessutan får vi snart heile Fusa til å byggja i, seier Sveinung Stensletten (V), og får dei frammøtte til å skratta.

Leiar i Bjørnefjorden Golfklubb, Erik Just Olsen, gav politikarane ei omsyning på golfbanen på Hauge.
Leiar i Bjørnefjorden Golfklubb, Erik Just Olsen, gav politikarane ei omsyning på golfbanen på Hauge.

I dag er området regulert som Landbruks-, natur- og friluftsområde (LFN, sjå faktaboks) i arealplanen. Politikarane, både posisjon og opposisjon, verka vera samde i at det skal det også vera i framtida.

- Men det er ikkje rart at grunneigarane får trua på at dei kan få lov til å byggja her på Hauge, seier Steinum med eit klart stikk til posisjonen.

Ei sak mellom grunneigarar og klubben

Gustav Bahus sa at eigedomsretten står sterkt for dei, men det gjer også idrett. Han la til at det er lite politikarane kan gjera for å løysa golfklubbens problem med grunneigarane.

- Det er de som må bli einige med grunneigarane, seier Bahus.

- Vi kan styra dette litt. No er det slik at alle som søkjer får ja, slik treng det ikkje vera, seier Stensletten.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Om vi er klare på at her vil ikkje vi tillata bygging, så er det nok lettare for dykk å få til ein avtale med grunneigarane.

Siren Tømmerbakke sa seg eining, og var klar på at det er viktig at ein tek standpunkt, men også ho nemnde at golfklubben sjølv må koma fram til ei løysing med grunneigarane.

- Trudde det berre var for medlemmer

Driftsleiar Per-Ove Bahus Lysvold fortalte Os & Fusaposten før møte torsdag at dei inviterte politikarane til idrettsanlegget slik at dei får høyra begge sidene av saka, og kjem i posisjon til å ta kloke avgjerder. For fleire av dei frammøte var møtet ein augeopnar.

- Eg må berre takka for at eg fekk koma. Det er veldig interessant å høyra om kor mange besøk de har både frå lokale og turistar. Generelt mykje god og ny informasjon. Eg trudde det berre var ope for medlemmer her, seier Emil Tetlie Brimsholm.

- Eg var heller ikkje klar over at de innlemmar fleire enn klubbens eigne medlemmer. De må vera flinke til å spreia ordet om at det er ope her, og om alt de driv med. Takk for eit godt møte, seier Torunn Øvredal (TvS).

- Litt av grunnen til at vi inviterte dykk, er at vi vil at de ikkje skal sjå på oss som dei med stripete bukser som berre spelar golf. Vi kan bidra med så mykje meir, og ønskjer også å gjera det, seier Lysvold.

Rom for fleire idrettar på Hauge

Då hadde han på førehand orientert om talet besøkjande og eksisterande og planlagde aktivitetar, som strekkjer seg langt utanom golf. Lysvold og Just Olsen snakka også om samfunnsnyttige verknader, og ikkje minst den samfunnsøkonomiske helsegevinsten som golf og miljøet kring gjev. Dei presenterte fleire visjonar, som å byggja turløyper som går frå Hauge til Nordmarka og Knutabruo.

- Fleirbruksmoglegheitene på areala er store, seier Just Olsen og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Visste de at tennis er verdas største individuelle idrett med 60 millionar utøvarar? Vi har plass til tennis-bane og andre aktivitetar som sandvolleyball og pil og boge-skyting. Dette er berre eksempel. Det er mange moglegheiter.

FAKTA OM IDRETTSLAGET:

655 medlemmer - nest største idrettlsaget i Os kommune.

Medlemmene bidreg med om lag 750.000 koner i dugnadsarbeid kvart år.

Om lag 20 millionar kroner er investert i bane, klubbhus og treningsanlegg sidan oppstart i 1994.

Dei frontar seg som Hordalands beste treningsområde, med tilhøyrande klubbhus og kafeteria, samt to innandørs simulatorar.

Moderne maskinpark til over to millionar kroner.

Meir enn 30 personer har via NAV fått arbeidstrening i klubben.

Idrettslaget disponerer og vedlikeheld om lag 200.000 kvm. Mesteparten av arealet kan reverserast til landbruk ved behov.

Artikkelen held fram under annonsen.

I område som blir lagt ut til LNF-område i kommunedelplanen, er det ikkje tillate med annan byggje- og anleggsverksemd enn den som har direkte tilknyting til landbruk eller stadbunden næring.