Nye tiltak: Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) håpar dei nyaste smittetiltaka skal bidra til å hindre smittespreiing.

Høie om rekordhøgt smittetal: – Utviklinga vi var bekymra for

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) er bekymra etter at det er registrert 930 nye koronasmitta det siste døgnet, noko som er ny døgnrekord.

– Det var denne utviklinga vi var bekymra for då vi søndag stramma inn. Det er no veldig viktig at alle med symptom testar seg og at alle følgjer råd og reglar, skriv Høie i ein e-post til Dagbladet.

– Målet med dei nye, strenge tiltaka er å bryte ei eventuell ny smittebølgje. Vaksinen gjer at vi ser lys i tunnelen, men vi må få ned smitten for at vinteren og våren skal bli lettare, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

I alt var det ved midnatt natt til onsdag registrert 52.180 koronasmitta personar i løpet av pandemien her i landet.