Opplyste onsdag: Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) opplyste om lovforslaget om portforbod på ein pressekonferanse onsdag.

Mæland: Ikkje aktuelt med portforbod i Noreg no

Eit lovforslag om portforbod blir sendt på høyring, men per no er det ikkje aktuelt med eit slikt forbod, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H).

– Vi håpar det aldri vil vera nødvendig. Likevel sender vi denne veka ut eit lovforslag om portforbod på høyring, slik at vi får ein debatt rundt dette, sa Mæland på pressekonferansen på onsdag.

Statsråden understrekar at eit portforbod først vil vera aktuelt i ekstreme tilfelle. Det vil eksempelvis vera ved ekstremt høg smittespreiing og sprengt kapasitet i helse- og omsorgstenesta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sånn er det heldigvis ikkje i dag, men vi må vere førebudde, sa ho.

Sidan november har regjeringa jobba med eit slikt lovforslag, som må vedtakast av Stortinget. Dokumentet «Høringsnotat – forslag om hjemmelsgrunnlag for portforbud – Departementsforeleggelse» vart journalført 21. desember i fjor.

– Fordi ei avgjerd om portforbod kan opna for svært inngripande tiltak, kjem vi òg til å foreslå eit system der Stortinget sjølvsagt blir involvert, slik at dei kan oppheva avgjerda til regjeringa, opplyste Mæland.

Lovforslaget blir sendt på høyring denne veka.