Stengjer: Solstrand Hotel & Bad held stengd fram til 7. januar grunna koronapandemien. (Arkivfoto).

Solstrand Hotel & Bad stengjer dørene

Fredag kveld melde Solstrand Hotel & Bad at dei stengjer dørene fram til over nyttår.

Stenginga skuldast koronasituasjonen og dei forlengja restriksjonane.

— Det er vemodig å meddela at me ser oss nøydde til å stengja Solstrand Hotel & Bad. Dette skjer i lys av dagens smittesituasjon og dei forlengja restriksjonane for Bergen og omegn, opplyser hotellet på sine heimesider.

Hotellet vert stengd til 7. januar.