FJELLVETTREGLANE Kor mange er det av dei?

100 påskenøtter: Her er det mykje god hjernetrim

Påske og quiz går hand i hand. Her har de ikkje mindre enn 100 påskenøtter å bryna dykk på.

Påske

Spørsmål

Artikkelen held fram under annonsen.

1. Kva blir innleidd i Den norske kyrkja med oskeonsdag og varer i 40 dagar fram til påske?

2. Kva blir dei monumentale steinstatuane på Påskeøya kalla?

PÅSKEØYA: Kva blir statuane kalla?

3. Tidlegare ringde ein ikkje med kyrkjeklokkene frå palmesøndag til påskeaftan, og ein brukte heller ikkje orgelet under gudstenester. Basert på dette har veka fått eit tilnamn. Kva for eit?

4. Kva er elementa i nattverden?

5. Kor- og orkesterverket «Johannespasjonen» vart uroppført på langfredag i 1724. Kven komponerte verket?

6. Kva heiter den kristne høgtida som kjem den sjette torsdagen etter første påskedag?

FJELLVETTREGLANE Kor mange er det av dei?

7. Fjellvitreglane er utarbeidde av Den Norske Turistforening og Noregs Røde Kors. Kor mange råd blir gitt?

8. Kva heiter dei to programleiarane fór «Påskenøtter» på NRK?

Artikkelen held fram under annonsen.

PÅSKEHARE: Kvar kjem skikken frå?

9. Frå kva land kjem førestillinga om at påskeharen legg ut egg til barna?

10. Kven har skrive påskesalmen «Påskemorgen slukker sorgen»?

Svar

1. Fastetida

2. Moai

3. Den stille veka

4. Brød og vin

5. Johann Sebastian Bach

Artikkelen held fram under annonsen.

6. Kristi himmelfartsdag

7. Ni

8. Øystein Bache og Rune Gokstad

9. Tyskland

10. Nikolai Frederik Grundtvig

Historie

Spørsmål

1. Kva var namnet på landområda mellom og rundt elvane Eufrat og Tigris i oldtida?

Artikkelen held fram under annonsen.

2. Kven brukte i 2002 nemninga «ondskapens akse» om Iran, Irak og Nord-Korea?

JULIKONGEDØMMET: Kva fransk konge regjerte?

3. Kva heitte den franske kongen som regjerte i det såkalla julikongedømmet?

4. Kva år vart Det osmanske riket oppløyst?

5. I 1922 innførte Folkeforbundet Nansen-pass. Kva var det?

6. Kva språk snakka ein i oldtidsriket Babylonia?

7. Kva er den vanlege nemninga på den 1000 år lange perioden i Europas historie som ligg mellom antikken og moderne tid?

8. Kor mange vart dømde til døden under Nürnbergprosessen i 1945-1946?

9. Kva er fellesnemninga for dei revolusjonære hendingane som fann stad i Europa i 1848?

Artikkelen held fram under annonsen.

10. Kva heitte den tyske legen som oppdaga bakteriane som forårsakar miltbrann, tuberkulose og kolera?

Svar

1. Mesopotamia

2. George W. Bush

3. Ludvig Filip

4. 1923

5. Identitetsbevis for statslause flyktningar

6. Akkadisk

Artikkelen held fram under annonsen.

7. Mellomalderen

8. Tolv

9. Februar-revolusjonen

10. Robert Koch

Politikk og samfunn

Spørsmål

1. Kva dato skal årets stortingsval haldast?

2. Equinor er Noregs største selskap. Kva heiter det nest største?

3. Kva er EUs fire fridommar?

4. Kva for eit politisk parti representerer Morten Ørsal Johansen på Stortinget?

5. Kva er FNs seks offisielle språk?

6. Etiopias statsminister vart tildelt Nobels fredspris i 2019. Kva heiter vedkommande?

7. I berre eitt av FNs hovudorgan har alle medlemsstatane lik representasjon. Kva for eit?

8. Kva heiter den tidlegare Arbeiderparti-politikaren som er Oslo Senterpartis førstekandidat til stortingsvalet?

9. Kva kallast den næraste representanten til regjeringa i eit fylke?

10. Kva samarbeidsorganisasjon ligg Atlanterhavspakten til grunn for?

Svar

1. 13. september

2. Norsk Hydro

3. Fri rørsle av varer, tenester, kapital og personar

4. Framstegspartiet

5. Arabisk, engelsk, fransk, kinesisk, russisk og spansk

6. Abiy Ahmed

7. FNs hovudforsamling

8. Jan Bøhler

9. Statsforvaltar

10. Nato

Geografi og flagg

Spørsmål

1. Kor mange prosent av jordas landsareal utgjer Europa?

2. Kva land renn elva Desna gjennom?

3. Grønland heiter Kalaallit Nunaat på grønlandsk. Kva betyr det?

4. Kva for ein amerikansk delstat har ein pelikan som matar ungane sine med sitt eige blod, som motiv på delstatsflagget?

5. Kva heiter hovudstaden i Malaysia?

6. Kva fjell er Noregs nest høgaste?

7. Kva tre fargar inngår i Elfenbeinskystens flagg?

8. Elva Neisse dannar grensa mellom to land. Kva land?

9. Kva er vexillologi læra om?

10. Kva land tilhøyrer Kolahalvøya?

Svar

1. 6,8 prosent

2. Russland og Ukraina

3. «Menneskas land»

4. Louisiana

5. Kuala Lumpur

6. Glittertind

7. Oransje, kvitt og grønt

8. Tyskland og Polen

9. Flagg

10. Russland

Idrett

Spørsmål

1. Kven er den mestvinnande langrennsløparen gjennom tidene?

2. Kva er fellesnemninga på dei tre store profesjonelle europeiske etapperitta i landevegssykling?

3. Kva konkurranseidrett blir Friedrich Ludwig Jahn rekna som skaparen av?

4. Kven har spelt flest kampar for Noregs herrelandslag i fotball?

5. Kva kallast ein spesialisert forsvarsspelar i volleyball?

6. I kva land ligg den største fotballarenaen i verda målt i tilskodarkapasitet?

7. Kva idrett driv Tomoe Zenimoto Hvas med?

8. Kva land skal arrangere VM i fotball i 2022?

9. Kva heiter Noregs hovudbane for travsport?

10. Kor mange etappar består Tour de France av?

Svar

1. Marit Bjørgen

2. Grand Tour

3. Turn

4. John Arne Riise

5. Libero

6. Nord-Korea

7. Symjing

8. Qatar

9. Bjerke travbane

10. 21

Dyr og natur

Spørsmål

1. Kva heiter dei to øgleartene vi har i Noreg?

2. Hannen av fiskearten Labrus mixtus blir kalla blåstål. Kva kallast hoa?

3. Kva gass har den kjemiske formelen O3?

4. Kva slags dyr er du redd for dersom du lir av ageladafobi?

5. Kva er frysepunktet til vatn på fahrenheitskalaen?

6. Kva kallast ei befrukta eggcelle?

7. Kva omgrep blir brukt om den synlege overflata på Sola og stjerner?

8. Kva heiter den største fisken i verda?

9. Kva reptilart har det vitskaplege namnet Naja naja?

10. Kva kallast det grøne pigmentet som er nødvendig for å kunne utføre fotosyntese?

Svar

1. Stålorm og nordfirfisle

2. Rødnebb

3. Ozon

4. Kyr

5. 32 grader fahrenheit

6. Zygote

7. Fotosfære

8. Kvalhai

9. Brilleslange/indisk kobra

10. Klorofyll

Film og TV

Spørsmål

1. Kven speler rolla som Agent Cooper i TV-serien «Twin Peaks»?

2. Kva heiter teateret i Hollywood som kvart år husar Oscar-utdelinga?

3. Kva år vart TV 2, Noregs første private TV-selskap, etablert?

4. Kva heiter karakteren som blir spelt av Agnes Kittelsen i TV-serien «Exit»?

5. Den indiske filmindustrien går ofte under namnet «Bollywood». Kva ord er nemninga ei samansetning av?

6. Kva heiter filmen som vann Gullbjørnen under årets filmfestival i Berlin?

7. I kva TV-program møtte ein i årets sesong Ina Wroldsen, Espen Lind, Matoma og Yosef Wolde Mariam som mentorar?

8. Kva heiter Trondheims internasjonale filmfestival, der Kanonprisen årleg blir delt ut?

9. Kven har regissert antologien «Small Axe» (2020), som består av fem filmar?

10. I kva kommune vart årets sesong av den norske realityserien «Ex on the Beach» spelt inn?

Svar

1. Kyle MacLachlan

2. Dolby Theatre

3. 1991

4. Hermine Veile

5. Bombay og Hollywood

6. «Bad Luck Banging or Loony Porn» (Radu Jude, 2021)

7. «The Voice»

8. Kosmorama

9. Steve McQueen

10. Hemsedal

Litteratur og biletkunst

Spørsmål

1. Kva heiter den britiske forfattaren som har skrive romanserien sett saman av «Autumn» (2016), «Winter» (2017), «Spring» (2019) og «Summer» (2020)?

2. Kva museum deler ut Lorck Schive Kunstpris?

3. Karoline Brændjord har skrive ei diktsamling som vart tildelt Kritikerprisen for beste vaksenbok 2020. Kva heiter boka?

4. Kva heitte den skandinaviske kunstnarkolonien på Jylland i Danmark på 1870- og 1880-talet og inkluderte kunstnarar som P.S. Krøyer, Oscar Björck og Christian Krohg?

5. Kva tre nordmenn har vorte tildelte Nobelprisen i litteratur?

6. Kven laga den verdskjende bronseskulpturen «Den vesle havfrue», som vart gitt i gåve til København og oppført i 1913?

7. I mars vart ein roman skriven av Max Manus, sannsynlegvis i 1948, gitt ut for første gong. Kva er tittelen på boka?

8. Kven måla det symbolistiske biletet «Kvar kjem vi frå? Kva er vi? Kvar går vi?» som fullført i 1898?

9. Kva kallast bokbransjen sitt årlege fellesutsal av bøker som vanlegvis blir arrangert i mars månad?

10. Kva heiter den norske forfattaren og biletkunstnaren som har brukt pseudonymet Abo Rasul?

Svar

1. Ali Smith

2. Trondheim kunstmuseum

3. «Eg vil vakne til verda»

4. Skagenmalerne

5. Bjørnstjerne Bjørnson (1903), Knut Hamsun (1920) og Sigrid Undset (1928)

6. Edvard Eriksen

7. «Rottejegeren»

8. Paul Gauguin

9. Mammutsalet

10. Matias Faldbakken

Musikk

Spørsmål

1. Kor mange musikarar består Kringkastingsorkesteret (KORK) av?

2. Kva betyr musikkuttrykket «fortissimo»?

3. På 70-talet konverterte ein britisk artist til islam og tok namnet Yusuf Islam. Kva artistnamn var han i utgangspunktet kjent under?

4. Den høgaste utmerkinga i det norske jazzmiljøet blir delt ut årleg av Norsk Jazzforum. Kva heiter prisen?

5. Kva år vart albumet «The Dark Side Of The Moon» av Pink Floyd gitt ut?

6. Kven komponerte musikken til operaen «Figaros bryllaup»?

7. Kva er antifonal song?

8. Kva heiter den offisielle maskoten til trash metalbandet Megadeth?

9. Kva retning innanfor europeisk kunstmusikk var Claude Debussy den fremste representanten for frå siste del av 1800-talet?

10. Kva heitte boybandet som Lance Bass og JC Chasez var med i?

Svar

1. 54

2. Veldig sterkt

3. Cat Stevens

4. Buddyprisen

5. 1973

6. Wolfgang Amadeus Mozart

7. Vekselsong mellom to kor

8. Vic Rattlehead

9. Impresjonismen

10. ‘N Sync

Ti for barn

Spørsmål

1. Kva dyr er verdas største?

2. Kva heiter hovudstaden i Sverige?

3. Kva for eit politisk parti er Jonas Gahr Støre leiar for?

4. Kva heiter planeten i solsystemet vårt som er nærast Sola?

5. Andre verdskrigen starta i 1939, men når kom krigen til Noreg?

6. Kva dato blir den internasjonale kvinnedagen markert?

7. Kor mange cent er ein euro delt inn i?

8. Kva heiter Noregs dronning?

9. Kva land kjem fotballklubben Liverpool FC frå?

SPORT: Kva idrett driv denne kvinna med, skal tru?

10. Kva idrett driv Therese Johaug med?

Svar

1. Blåkvalen

2. Stockholm

3. Arbeidarpartiet

4. Merkur

5. 1940

6. 8. mars

7. 100

8. Sonja

9. England

10. Langrenn