Talen vart streama: Sjølv om det ikkje var så mange frammøtte i Minneparken, var det truleg ein god del som fekk med seg talen til kultursjef Erik Vangsnes digitalt.

75 år sidan Minneparken vart opna: – Ein dag for ettertanke og takksemd

I dag er det 75 år sidan minnesmerka i Minneparken vart avduka.

17. mai 1946. Noreg hadde akkurat vore gjennom sitt første fredsår, musikkforeningen spelte og oppmøtet var stort.

– Samstundes var det også ein mollstemt dag for mange. Minnesmerka over dei som falt under krigen skulle avdukast, sa kultursjef Erik Vangsnes i talen sin klokka 11 i føremiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig og rett å minnast dei som ofra livet sitt, eller fekk helsa si øydelagt for fred og fridom, la Vangsnes til.

I motsetnad til i 1946, var det ikkje mange som fann vegen til Minneparken i dag. Folk var blitt oppmoda om å få med seg den tradisjonsrike markeringa på skjerm i staden. Dermed fekk kultursjefen berre eit knippe synlege tilhøyrarar. Applaus vart det likevel.

I tillegg til å trekkja trådane attande til opninga av det, som i årenes løp, har vorte ein heilt spesiell stad for osingane, snakka Vangsnes om utfordringane vi står overfor i dag.

– For dagens unge, vert truleg pandemien eit referansepunkt. Fridomen vår har vorte innskrenka, og vi kan ikkje feira 17. mai slik vi plar. Men det som er meir alvorleg, er at mange har mista jobbane sine og strevar både økonomisk og psykisk.

Vangsnes minna også om at det er mange stader i verda der fred og fridom verkar utruleg langt unna.

– Det kan vi ikkje vera likegyldige til, sa han og siterte Arnulf Øverlands dikt «Du må ikke sove» der verselinja «Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer dig selv!» er den mest siterte.

– Nasjonaldagen er ein dag for folkefest, men det er også ein dag for ettertanke og takksemd, understreka kultursjefen i talen sin.

Blomehelsing: Det vart som vanleg lagt ned blomar ved minnesmerka. Vangsnes fekk hjelp av kollega Stine Kobbeltvedt.