Alan Walker lova å koma attende til Tysnes etter at uvêr sette ein stoppar for fjorårets opptreden. Alt i 2018 kjem han til Tysnes igjen.
Alan Walker lova å koma attende til Tysnes etter at uvêr sette ein stoppar for fjorårets opptreden. Alt i 2018 kjem han til Tysnes igjen.

Alan Walker held ord

Alan Walker skulle spela på Tysnesfest i fjor, men uvêr sette ein stoppar for det. Bergensaren lova å koma attende, og alt i sommar er han attende på Tysnes.

– Vi er utruleg stolte over å bekrefta at avtalen med Walker er i boks, skriv dagleg leiar i Tysnesfest, Øystein Vaage.

vidare skriv Vaage at noko av det verste ein festival- og konsertarrangør kan oppleva er å måtta avlysa ein konsert med påfølgjande evakuering av arenaen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I ettertid har vi fått bekrefta gong på gong at avgjersla var 100 prosent korrekt. Våre frivillige, dei ulike etatane vi har i aktivitet, artistar, crew og ikkje minst publikum har støtta oss i dette. Vi har fått hundrevis av støttemeldingar frå publikum som set pris på at vi set tryggleiken deira i høgsetet. Slikt vêr som vi opplevde laurdagskvelden under Tysnesfest 2017 er heldigvis sjeldan midt på sommaren, og i 2018 ligg alt til rette for at vi kan få ei magisk oppleving når Alan Walker går på scenen laurdag 14. juli.

Desse artistane er til no booka til Tysnesfest 2018:

Alan Walker, Susanne Sundfør, Miss Tati, Adam Douglas, Gåte, Bigbang, Kari Bremnes, Amanda Delara, Dagny, Gardsbruk, The Vossa Rebels.