Årets ildsjel 2019: Brit Tungeland hadde ikkje skrive hugselapp, men var fatta og fekk takka mange som har vore viktige for ho.

Årets eldsjel i Noreg: Brit Tungeland frå Os og Bjørnafjorden kommune!

I konkurranse med fire andre store eldsjeler nådde Brit Tungeland toppen. Handballguruen frå Os Turn er Årets ildsjel 2019.

Brit Eirin Tungeland fekk æra av å gå opp på scenen og ta imot den prestisjetunge prisen under idrettsgallaen på Hamar.

70-åringen var rørt, men fatta. Ho takka og vinka heim - heim til venene i klubbhuset, alle ho har trent med og som ho har leia i opp gjennom åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her i lag med ektemannen Torleif og barneborna. (Privat foto)

– Spesielt vil eg takka for dei åra eg fekk trena HU-laget. Dei lærte meg enormt mykje om idrettsglede, sa Tungeland.

Årets ildsjel 2019:Ho synest i utgangspunktet det var stort nok å vera nominert, men jammen måtte ikkje handball-Brit reisa seg å gå til scena laurdag kveld.

Takka barneborna

Vidare takka ho alle andre frivillige i Os, Bjørnafjorden kommune og elles i landet. Og ikkje minst mannen og barneborna.

Les også
Rørt Anders takka mor og far
Kjetil Lund med familie og Brits bror Lars Tungeland.

– Ektemannen min Torleif som har late meg få bruka så mykje tid på handballen i Os, og barneborna Tormod, Peder og Halvor. At de tre har ville ha meg som trenar har gjort sitt til at eg har villa halda fram med handballen, sa Tungeland.