Frida Solheim (15) og Lilly Mae Grønvigh (16) er to av arrangørene av konserten for ungdom fredag 12. januar i Nesjaheimen på Vinnes.
Frida Solheim (15) og Lilly Mae Grønvigh (16) er to av arrangørene av konserten for ungdom fredag 12. januar i Nesjaheimen på Vinnes.

Arrangerer ny konsert

For andre gong på tre månader, inviterer dei unge musikarane Frida Solheim og Lilly-Mae Grønvigh til konsert.

11. november i fjor inviterte jentene, i regi av UROF – Ung Rock i Os og Fusa, til konsert for ungdom, med ungdom. Konserten fann stad i Os rockeklubb. Dette var den første konserten jentene arrangerte. Då Os og Fusaposten snakka med dei i november, sa dei at dei håpa på å få arrangera ein konsert i Fusa også. Det skulle ikkje gå meir enn tre månader før dei fekk det til.

– Kven er det som arrangerer?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er Lilly Mae Grønvigh og eg, i tillegg til seks andre ungdomer. UKM Fusa og Fusa ungdomsråd er også med, seier Solheim og legg til:

– Vi arrangerer i Fusa Rockeklubb i Nesjaheimen på Vinnes. Konserten går av stabelen fredag 12. januar.

Banda som skal spela er Sleepwalkers, Perpleks, The Potatoes, The Blooming Bruises og Los Hipsters.

– Vi skal også ha jamsession etterpå. I crewet er dei same som sist gong, og det er sjølvsagt gratis å koma inn.