Sist Aurora hadde konsert i Oseana var i februar 2016. Månaden etter vart debutalbumet hennar lansert.
Sist Aurora hadde konsert i Oseana var i februar 2016. Månaden etter vart debutalbumet hennar lansert. Foto: Egil Blomsø

Aurora avsluttar norgesturneen i Os

Sist Aurora stod på scena i Oseana var i februar 2016. No kjem ho attende.

Til hausten legg Aurora Aksnes ut på norgesturné igjen.

På Facebook-sida si skriv artisten frå Drange:

«JEG SKAL endelig på Norgesturné igjen!!! Til høst. Sammen med tåken. Og de lange nettene. Det blir ganske lenge til neste norgesturné, så jeg skal virkelig nyte det. (Woopeti woop) Jeg lover å ta med all min energi og alle mine tårer. Dette blir deilig.»

Turneen startar på Meieriet i Sogndal 21. august. Deretter går turen til Volda, Tønsberg, Halden, Tromsø, Trondheim og 15 andre stader, før ho rundar av i Os og Oseana fredag 20. desember.

To gongar utselt på Verftet

I mars 2016 gav Aurora ut debutalbumet sitt «All My Demons Greeting Me As A Friend». I september 2018 kom oppfølgjaren «Infections Of A Different Kind – Step 1».

Aurora hadde konsert på USF Verftet torsdag, og spelar på same stad igjen i kveld. Begge konsertane er utselde. BT-meldar Einar Engelstad kallar torsdagens konsertoppleving «majestetisk og helstøpt».

– Det låtar på mange måtar annleis enn tidligare. Meir komplisert i oppbygginga og med fleire lag enn før. Meir modent og kanskje ikkje så pop-prega eller lett tilgjengeleg for publikum, skriv Engelstad.

I 2015 vart Aurora kåra til Årets nykommar under Spellemannprisutdelinga. I morgon går Spellemannprisen av stabelen igjen. Og osingen er nominert i kategorien Årets musikkvideo med songen «Queendom».

Om du synest det er lenge å venta til konserten i Oseana i desember, spelar Aurora på fleire festivalar i Noreg dei neste månadane, deriblant Vossajazz, Tysnesfest og Vinjerock.

camilla.kvamme@osogfusa.no