Berit Osmundsen i Oselvarverkstaden er tildelt stipend frå Kulturminnefondet:
Berit Osmundsen i Oselvarverkstaden er tildelt stipend frå Kulturminnefondet:

Båtbyggjar Berit Osmundsen blei tildelt stipend frå Kulturminnefondet

Berit Osmundsen får kredit for å ha blåst liv i båtbyggjartradisjonen i Os. I går fekk ho stipend på 50.000 kroner under Forbundet Kystens konferanse «Båtar, tradisjon og innovasjon».

– Berit Osmundsen har, med sin iver og entusiasme, blåst nytt liv i båtbyggjar tradisjonen i Os, seier styremedlem i Kulturminnefondet, Per Kyrre Reymert.

Dette kan stipendet nyttast til

Grunngjevinga er den store innsatsen ho gjer for å setja søkelyset på trebåtar generelt og Oselvar-båten spesielt. Stipendet på 50.000 kroner kan nyttast til reiser og foredragsverksemd for å formidla erfaringar frå aktiv innsats i praktisk kulturminnevern over mange år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend har som mål i bidra til å skapa gode haldningar i høve bygningsvern i Noreg i tillegg til å begeistra ulike målgrupper og syna korleis det er mogleg å redda kulturarv, sjølv om mykje kan sjå håplaust ut, seier Reymert.

Stor entusiasme

Det er Margunn Lyhammer som nominerte Osmundsen til stipendet. Dette skriv ho i nominasjonen:

– Berit er levande oppteken og entusiastisk for alle delar av faget sitt. Ho har med stor entusiasme dei siste åra gjort sitt for å blåse nytt liv i engasjementet kring trebåtar generelt, og Oselvar-båten spesielt. Hennar evne til å formidla, og entusiasmen omkring faget har smitta over på mange i og kring Os. Oselvaren er kåra til Noregs nasjonalbåt, og Berit formidlar med stor iver både historia og dagens bruk av båten, og er ein stor del av båtbyggjartradisjonen ved Oselvo.