Ausekarane er nærast blitt ein fast del av programmet på Tysnesfest. Den "galne gjengen" kjem attende også i 2018.
Ausekarane er nærast blitt ein fast del av programmet på Tysnesfest. Den "galne gjengen" kjem attende også i 2018.

Difor kjem Ausekarane til Tysnesfest – igjen

– Ausekarane er like glade i Tysnes som vi er i dei, seier dagleg leiar Øystein Vaage.

– Det blir ikkje skikkeleg Tysnesfest utan show med Ausekarane i Bermudateltet. Difor har vi invitert Bjørn Jensen, Tor Endresen og resten av den galne gjengen til kvar einaste Tysnesfest dei siste åra. No kan vi avsløra at dei kjem tilbake også i 2018, skriv Vaage i ei pressemelding.

Vidare skriv Vaage at Tor Endresen for nokre år sidan skreiv ein song til Tysnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Året etter hadde «Tysnes» verdspremiere i Bermudateltet og vakrare stund kan vi ikkje minnast å ha vore på.

Nytt show

Gjengen kjem i år med eit spesiallaga «Best of Ausekarane» til Tysnesfest.

– Til hausten har karane premiere på sitt nye show «Ferjelaus og steik forbanna» på Ricks i Bergen. Er vi heldige, får vi kanskje ein smakebit på noko av det nye materialet deira alt når dei vitjar Tysnesfest i starten av juli, skriv Vaage.

Frontfigur i Trang Fødsel , Hans Petter Aaserud, er med i årets sesong av Hver gang vi møtes på TV2. I sommar kjem han og bandet Trang Fødsel til Tysnesfest.
Frontfigur i Trang Fødsel , Hans Petter Aaserud, er med i årets sesong av Hver gang vi møtes på TV2. I sommar kjem han og bandet Trang Fødsel til Tysnesfest.

Ausekarane består av Bjørn Jensen (song/gjøgling/gitar), Tor Endresen (song/gjøgling/gitar), Espen Vågstål (trommar), Tore Mæhle (bass/kor), Svein-Tore Hindenes (trekkspel/tangentar/kor) og Jan Arne Knutsen (gitar/mandolin/banjo).

Aktuelle

Festivalleiinga kjem med nok eit artistslepp denne veka.

– Endeleg kan vi ønskja Trang Fødsel velkomne til Gjerstad arena. Sidan starten av 1992 har Trang Fødsel fora oss med den eine sommarhiten etter den andre. Det er nok å nemna «Drømmedame», «Fredag», «Kursiv», og «Hybel», som er fire av bandet sine aller mest kjende låtar, så ringjer det nok nokre bjøller hos dei aller fleste, skriv Vaage.

Frontfigur Hans Petter Aaserud er med på årets sesong av «Hver gang vi møtes» på TV 2 og i januar slapp dei singelen «Jeg er faen meg det beste som har skjedd deg».