Quizvinnaren: Else Veivåg kalte det ei kjempehyggeleg overrasking, då Os & Fusaposten dukka opp med fem flaxlodd på døra måndag føremiddag.

Else vann quizen: – Snakk om flaks. Eg berre tippa

Ho fekk ein fin start på dagen, Else Veivåg, då Os & Fusaposten troppa opp på døra med fem flaxlodd måndag.

Den pensjonerte mattelæraren frå Fusa vidaregåande skule har halde seg innandørs i fleire dagar. Då det ringde på, var det heldigvis berre gode nyheiter å få.

– Du veit, eg har jo ikkje mange som kjem innom her i desse dagar. I lag med mannen min held me oss inne. Borna våre og barneborna har me berre kontakt med over messenger, fortel 65-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Os & Fusaposten inviterer til koronafri quiz for unge og gamle

Koselege oppgåver

Else og mannen har budd i Os sidan 1981. Opphavleg er dei frå Austevoll.

– Me har budd her lengre enn me har budd i Austevoll, så eit og anna kan eg jo om kommunen vår, men på eit par av spørsmåla var det berre rein gjetting, vedgår Else.

Fire deltakarar klarte alle spørsmåla utanom eitt. Else gjekk til topps etter trekning.

Her er svaret på oppgåvene:

1: Liafjellet: 259 m.

2: Ottanosi: 976 m.

3: Bjørnafjorden kring 600 m djup.

4: Fusing og osing blir bjørnafjording.

Artikkelen held fram under annonsen.

5: Emneknagg kjem frå engelske hashtag.

6: Tiktok er ein video-app for heimebruk.

7: Små, gule fjes vert kalla emojis.

8: Os kyrkje vart målt til 27 m.

9: Tømmerkyrkja på Holdhus vart truleg reist i 1726.

10: Eikelandsfjorden-laga vann Bergen fotballfestival.

11: Lysekloster IL fekk pris for Årets vertskap.

12: Ole Martin er midtstoppar.

Artikkelen held fram under annonsen.

13: Os A-lag var i øvste divisjonen i 1975.

14: Under Os & Fusaposten finn ein Nordisk Rom.

15: Det er 20 trappetrinn opp til redaksjonslokala til Os & Fusaposten.

16: Linda Nytræ har vore med i 30 revyar.

17: Hunden til journalist Benjamin heiter Billie.

18: Emil er frå Nordtveitgrend, men Sævareid er godkjent.

19: Odd Nordstoga kjem etter planen til Fjord og Folk-festivalen.

20: Aurora syng på Frost 2.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hadde eg berre EIN feil. Jøss. Det var overraskande bra. Kva var det eg tippa feil på?

– Du svarte at Os A-lag var i øvste divisjonen i 1974. Det var ikkje rett. 1974 var året dei rykte opp. Først året etter – i 1975 var dei i det gjæve selskap, fortel underteikna.

– Men det spørsmålet om trappetrinna opp til lokala dykkar. Eg har jo gått der nokre gonger, men kven tel trappetrinn, humrar Else.

– Du hadde i alle høve rett. Det var 20 trinn.

– Det var koselege oppgåver. Kjekt at de fokuserer på lokale ting, og artig for oss som går heime å ha noko å pusla med. Held gjerne fram med dette, smiler 65-åringen.

Quizvinnaren: Else Veivåg får tida til å gå mellom anna ved å laga bilete av små diamant-perler.

Må pleia hobbyar

For ekteparet Veivåg, som begge er pensjonerte, kan dagane vera noko stusselege i desse korona-tider. Særleg det at dei ikkje får pleia kontakt med sønene og barneborna. Desto viktigare meiner Else det er å ha noko å sysla med.

– Me klarer å kosa oss. Me høyrer mykje radio. Eg lagar slike perlebilete, forklarar Else og viser fram, medan ektemannen min løyser kryssord. Så kosar me oss med å jobba litt i hagen i finvêret og tek dag for dag.

– Er de førebudde på at dei vil vara litt, desse «hald dykk inne»-tiltaka?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, eg er redd for det. Me kjem nok til å måtta vera delvis isolert på ein eller annan måte fram til sommaren, minst, trur Else.

– Vinn du på flaxlodda, trur du?

– Det var flaks berre å få dei, så oppturen og oppmuntringa har eg alt fått. Blir det 25 kroner i tillegg, blir eg supernøgd. Tusen takk, helsar Else.