Skøyte: Romsdalsmuseet har ei fotosamling knytt til Leikanger i Sogn og Fjordane. Eitt av fotoa viser ein mann i styrehuset på ei skøyte.

Er det nokon av våre lesarar som kan hjelpa?

Hermund Kleppa er på jakt etter informasjon om eit bilete frå kring 1950.

Hermund har sendt oss denne eposten, og lurer på om Os & Fusaposten sine lesarar kanskje kan hjelpa:

Eg er på jakt etter informasjon om eit foto frå ca 1950 og har funne ein mogleg tråd til Fusa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Romsdalsmuseet har ei fotosamling knytt til Leikanger i Sogn og Fjordane. Eitt av fotoa viser ein mann i styrehuset på ei skøyte. På styrehuset står namnet på skøyta, men ikkje heile; dei tre siste GGY, og del av nest siste, som kan lesast E, og med P som første bokstav blir det PEGGY.

I Haugesunds avis september 1964 står ein notis om at skøyta PEGGY, «som eies av Kjell Lygre» fører brisling til hermetikkfabrikk i Haugesund.

Kan det vera denne PEGGY med Kjell Lygre i styrehuset, fotoet på Romsdalsmuseet viser?

Fotograf er Erling Havnes, som kring 1950 budde (og fotograferte) på Leikanger.

Kjell Lygre?: Kan det vera denne PEGGY med Kjell Lygre i styrehuset, fotoet på Romsdalsmuseet viser?