For full hals: Kledd i kvite skjorter, kjolar eller kjortlar song alle elevane songar frå "Jul i Svingen" for full hals.

Gjekk Lucia-tog: Spente elevar heldt minikonsertar på Luranetunet

Det var 42 spente elevar frå 1. trinn på Os barneskule som tok turen til Luranetunet i morgontimane fredag.

Kledd i kvite skjorter, kjolar eller kjortlar song alle elevane songar frå "Jul i Svingen" for full hals. Elevane gjekk Lucia til tre forskjellige stader og heldt tre flotte minikonsertar.

– Framføringa vart møtt med smil og glede blant bebuarane og tilsette, fortel kontaktlærar på 1. trinn, Alexander Fjeldstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kledd i kvite skjorter, kjolar eller kjortlar song alle elevane songar frå "Jul i Svingen" for full hals.
Kledd i kvite skjorter, kjolar eller kjortlar song alle elevane songar frå "Jul i Svingen" for full hals.

Han er glad for at både elevar, lærarar, bebuarar og tilsette kunne møtast slik i desse koronatider på tvers av generasjonar.

På veg tilbake til skulen tok elevane også ein tur innom dei koselege tuna i Solstrandsvegen.

– 1. trinn på Os barneskule ynskjer heile Bjørnafjorden kommune ein glitrande jul, helsar Fjeldstad.

Kledd i kvite skjorter, kjolar eller kjortlar song alle elevane songar frå "Jul i Svingen" for full hals.