Dei lokale skøyteheltane er sjølvsagt representerte i sportsdelen av TV-sendinga.
Dei lokale skøyteheltane er sjølvsagt representerte i sportsdelen av TV-sendinga.

Gyldne TV-augeblikk

Politikarane hadde mykje å svara for då Nor og Ne-gjengen inviterte til TV-sending på Nore Neset i kveld. Ei av dei som sat i salen fekk eit blidt møte med seg sjølv.

Årets Nor og Ne-revy er den ellevte i rekkja. Revygjengen ser ikkje ut til å gå tom for materiale med det første. Spesielt ikkje når det finst så mykje å ta tak i både lokalt, nasjonalt og globalt.

Revygjengen, beståande av Susan Askvik, Jan Helge Corneliussen, Pål Heimtoft, Stine Fristad, Linda Nytræ og Robert Haugetun, inviterte til TV-sending, og publikum fekk, som seg hør og bør i ei god gamaldags fjernsynssending, helsa på både rosabloggarar, politikarar frå nabolaget, politikarar med endå større ambisjonar og andre som trivst godt i rampelyset.

Medan fjorårets jubileumsrevy var ei best-of-framsyning med nokre nye innslag, er årets framsyning sett saman av berre nye sketsjar.

Sjølv med to meter tulling aka Thomas Helgesen i manko, står revygjengen støtt. Og spesielt når nokre av dei gode, gamle karakterane dukkar opp på scenekanten, syner publikum at dei set stor pris på det som vert servert.

Møtte seg sjølv

Ei av dei som sat i salen under fredagens premiere, var Jorunn Moberg. Ho hadde høyrt rykte om at Jan Helge Corneliussen skulle ikle seg finstasen igjen, og fann ut at ho måtte ta turen.

Ein litt annleis utgåve av dei sagnomsuste tanntrolla.
Ein litt annleis utgåve av dei sagnomsuste tanntrolla.
Hæstagg rosablogg.
Hæstagg rosablogg.
Den to meter lange djevelen har krympa...
Den to meter lange djevelen har krympa...
Gud er skeptisk.
Gud er skeptisk.
Susan Askvik som ein kjent norsk musikar.
Susan Askvik som ein kjent norsk musikar.
Det kan skje skremmande ting på små stader også.
Det kan skje skremmande ting på små stader også.
I årets revy har revygjengen rydda plass til litt utanriksnyhende også.
I årets revy har revygjengen rydda plass til litt utanriksnyhende også.
Bygdas gravferdskonsulent signert jan Helge Corneliussen.
Bygdas gravferdskonsulent signert jan Helge Corneliussen.
Etter premieren møtte Jorunn Jorunn.
Etter premieren møtte Jorunn Jorunn.

– Kjempeartig. Det er jo på ein måte ei æra. Han er veldig flink, seier ho og smilar.

Det er første gong Moberg får sjå sitt alter ego i levande live på scena.

– Eg har berre sett han på video tidlegare, seier ho i det Corneliussen dukkar opp frå bak scena i det svarte skjørtet og den matchande dressjakka.

– Er du nøgd, spør han.

– Eg likte veldig godt den med Circle K, seier ho og ler.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er tredje året eg spelar Jorunn, men det var først i haust eg fekk høve til å helsa på ho, fortel Corneliussen.

Han er godt nøgd med premieren av årets Nor og Ne-revy.

– Det er ofte litt rolegare på fredagane. I tillegg var det eit vakse publikum, men det verka som om folk kosa seg. Vi er nøgde, ja, vi er jo det, konkluderer han.

Også i morgon vert det liv i Symrasalen på Nore Neset. Dei to siste framsyningane vert viste fredag og laurdag i neste veke.

camilla.kvamme@osogfusa.no