Ferstad gard: Får 300.000 kroner til utbetringar.

Har fått tilsegn på 300.000 kroner: Rustar Ferstad gard for framtida

Eigarane av Ferstad gard i Bjørnafjorden har fått tilsegn om 300.000 kroner frå Kulturminnefondet.

Pengane skal gå til å setja i stand taket på hovudbygningen.

Det melder Kulturminnefondet i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi er stolte over å kunne støtta dette prosjektet, som har høg grad av gjenbruk av material og snarleg start og gjennomføring av tiltaka, fortel Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.

Ferstad gard i Bjørnafjorden kommune ligg på ei høgd i det opne landskapet på Søre Neset. Hovudhuset er frå 1700-talet, og garden har vore i familiens eige frå 1911.

— Huset er kvitt i front og raudmala bak, slik skikken ofte har vore, med den dyrare kvitmålinga i front og billegare farga måling bak kor ikkje så mange ferdast. Det er ikkje berre éin type takstein på hovudhuset, men ei blanding av teglstein i front, på sida og på den eine fløya, glasert takstein på baksida og skifertak på den eine av dei to fløyene. Bakgrunnen for dette er at eigarane av Ferstad igjennom åra har praktisert gjenbruk av takstein frå andre gardsbruk i området, og ein difor tekka taket med det ein fekk og hadde, opplyser Kulturminnefondet i pressemeldinga.

Eigaren la i søknaden ti Kulturminnefondet vekt på at dette er ein del av bygningshistorikken som dei ønskjer å ivareta der dette er forsvarleg. Det som kan brukast av det som er der, ønskjer dei å halda på, skriv dei.

Kulturminnefondet er ei lågterskel tilskotsordning for private eigarar av kulturminne, og Bjørgen kan opplyse at dei har mottatt få søknader frå Bjørnafjorden kommune.

— Vi ynskjer fleire søknader frå Bjørnafjorden. Ta gjerne kontakt med våre dyktige rådgjevarar for å koma i gang med søknaden, seier han.