Kverna på Gåssand er den einaste gamle kverna i Os. Det var mange kverner i Os tidlegare. Bøndene var avhengige av å mala kornet sitt for å kunna ha mjøl til brødbaking og til å laga annan mat.
Kverna på Gåssand er den einaste gamle kverna i Os. Det var mange kverner i Os tidlegare. Bøndene var avhengige av å mala kornet sitt for å kunna ha mjøl til brødbaking og til å laga annan mat.

Innlegg: Maling av korn på gamlemåten på Gåssand

Førstkomande søndag inviterer Os Sogelag til garden Gåssand der det vil bli synt korleis ein mol korn i gamle dagar.

Jostein Gaasand vil fortelja om garden og visa maling av korn.

Når det gjeld maling av korn, vert det teke atterhald om at det er nok vatn i bekken til å få kvera til å gå rundt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilslørte Bondepiker vil ved starten av arrangementet syngja for dei frammøtte. Det vil og bli mogeleg å få ein kopp kaffi kokt på gamlemåte i kjele over bålet.

Ein kan køyra gjennom tunet på Gåssand og vidare omlag 200 meter heilt ned til vatnet, der ein kan parkera.

Kverna på Gåssand er den einaste gamle kverna i Os. Det var mange kverner i Os tidlegare. Bøndene var avhengige av å mala kornet sitt for å kunna ha mjøl til brødbaking og til å laga annan mat.

Diverre er dei andre gamle kvernene borte no. Dei siste som forsvant, var kvernene langs Kvernaelvo.

Det er bygd ei ny kvern ved Sjøbøelva etter mønster frå kverna på Gåssand.

Os Sogelag håper mange tek turen til Gåssand på søndag.

Arrangementet er ope for alle og det er gratis.

Me viser til annonse i fredagens avis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os Sogelag