Klare for konsert: Til konserten i Oseana har bandet med seg Marita Moe Sandven på vokal.

Inviterer til gladjazz i Oseana sankthansaftan

Sankthansaftan spelar Osøren Jazzensemble opp i Oseana.

Bandet er blitt ein institusjon i Os, og kunne i 2016 feira 40-årsjubileum. Mange dyktige musikarar har hatt lengre eller kortare fartstid i gruppa, men Geir Mildestveit (klarinett) og Geirmund Sandven (trombone) har vore aktive i alle desse åra. Med seg har dei eit knippe velrennomerte og dyktige musikarar.

Osøren har vore fast inventar på nær sagt alle Osøren- festivalane, og har spelt på tallause klubbar og festivalar rundt i landet. Til konserten i Oseana har dei med seg Marita Moe Sandven på vokal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konserten kjem i stand takk vere støtte frå Sparebanken Vest og kulturkontoret i kommunen.

Besetninga i Osøren Jazzensemble i dag:

Marita Moe Sandven, vokal

Geir Mildestveit, klarinett

Geirmund Sandven, trombone

Are Ovesen, trompet

Rolf Seldal, banjo

Ole Amund Gjersvik, bass

Artikkelen held fram under annonsen.

Frank Jakobsen, trommer