Framleis billettar: Turen går fredag 13. august, og det er framleis billettar å få tak i.

Inviterer til ny lesartur med D/S Stord

Stiftelsen D/S Stord inviterer i samarbeid med Os & Fusaposten til opplevingstur til Bekkjarvik.

Turen går fredag 13. august, og det er framleis billettar å få tak i. Grunna koronarestriksjonar er det berre lagt ut 62 billettar for sal denne gongen.

Bekkjarvik har ei lang historie som fiskerihamn og handelsstad. Her er også park og badeland. Ein tur innom Hengjo er også verdt å få med seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Båten kastar loss frå Os kl 9.30 og er tilbake same ettermiddag ca kl 17.

«D/S Stord» vart bygd i 1913 ved Laxevaag Maskin og Jernskibsbyggeri. «Stord» vart snart ein populær båt i Sunnhordland Snøggrute.

Under krigen gjekk «Stord» trufast i sine ruter. Ved ei eksplosjonsulukke i Bergen den 20. april 1944, låg «Stord» ved Holbergskaien i Bergen. Styrehuset og ein del av innreiinga vart øydelagt, men elles slapp «Stord» uskadd frå hendinga.

Etter krigen blei båten ombygd og sett inn i nattruta Bergen-Odda, og gjekk fast i denne fram til 1959, då «Stord» vart reservebåt for HSD.

Den 20. mai 1987 var «D/S Stord I» på tur frå Stord til Bergen for å starta sin første seglingssesong. Like nord for Sandvikvåg i Fitjar oppstod det brann i maskinrommet. Brannen vart først sløkt, men tok seg opp att etter kort tid utan at det lukkast mannskapet og brannvesenet, som var kome til, å få kontroll over brannen. I løpet av morgontimane vart «Stord I» totalt utbrent. Til alt hell kom ikkje nokon til skade under brannen.

Over 25 år tok restaureringsarbeidet etter brannen, men i juni 2013 var «Stord I» klar for framstilling og kontroll av Sjøfartsdirektoratet og båten vart tildelt passasjersertifikat.