Støtte: Os kyrkje var lyst opp i Ukrainas fargar under støttekonserten i mars. No vert det ny konsert til inntekt for Flyktninghjelpen sitt arbeid i landet. Foto: Sofie Bugge

Inviterer til solidaritetskonsert for Ukraina i Os kyrkje

Torsdag 15. desember vert det ny solidaritetskonsert.

Det fortel ein av initiativtakarane, Øyvind Hægland.

– Me innbyr igjen til å samlast til solidaritetskonsert, denne gongen for Ukraina og dei internt fordrivne, opplyser Hægland i ei pressemelding.

Han fortel at «ein stor breidde av bygdas musikarar blir med for å gje sitt musikalske bidrag til Flyktninghjelpen sitt arbeid i Ukraina».

Karl Ole Midtbø vil leia programmet.

Hægland fortel at dei vil koma attende med fullt program når det nærmar seg, men anbefalar å setja av kvelden i kalenderen.