Julegate-dagen: Det snødde tett fredag føremiddag. Så spørs det om vêret held seg.

Jammen kom snøen til julegateopninga

I ettermiddag opnar julegata på Osøyro. Fredag føremiddag velsigna vêrgudane oss med kvit nedbør.

– Ja, det passa jo fint. Håpar det held seg til i ettermiddag, seier leiar i sentrumsforeininga, Jeanett Kallekleiv.

Julegate-dagen: Siste finpuss på pynten før kvelden.

Julegateopninga vert på Osøyro markert med samling på torget ein times tid før barne-TV-tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Julegate-dagen: Julegrana tennest på torget i Os i ettermiddag.

– Då blir det tenning av faklar, tenning av juletre og kanskje eit besøk av nissen, røper Kallekleiv.

Sidan blir det opninga av Pepperkakebygda i dei gamle apotek-lokala i Brugata.

Laurdag er det nisjebutikkens dag i Os sentrum.