Julekonsert: Kor(t)pusten inviterer til julekonsert med gjester frå begge sider av fjorden.

Julekonsert for og med osingar og fusingar

Snart er vi bjørnefjordingar, så kva passar vel betre enn å ha ein julekonsert med utøvarar frå begge sider av fjorden.

Andre søndag i advent møtast vi i Fusa kyrkje for å spela og syngja både gamle og nyare julesongar. Kanskje det kan bli ein tradisjon i Bjørnafjorden kommune å invitera kvarandre over fjorden til konsertar i lag?

Frå Os kjem Søfteland musikklag, som er eit janitjarorkester for vaksne utøvarar. Det blir om lag 17 musikantar som kjem og spelar under dirigenten sin Silje Nymark Haukeland. Dei gler seg til å koma til Fusa, og vi gler oss til å høyra dei flotte songane dei skal spela.

Artikkelen held fram under annonsen.

Marilen Yufen Lygre går i 10. klasse ved Fusa ungdomsskule og er dessutan elev ved Bjørnafjorden kulturskule. Ho er svært dyktig på piano og vil framføra eit stykke av Johannes Brahms.

Damekoret Kor(t)pusten går inn i Bjørnafjorden kommune som 30-årsjubilantar. Vi er mellom 15 og 18 songglade damer som kjem frå heile Fusa kommune pluss nokre frå Os og Bergen. Koret øver kvar tysdag på Eikelandsosen skule og tek gjerne i mot nye medlemer frå begge sider av fjorden.

Dirigenten vår, Boel Katrine Jacobsen, er også fløytist og speler i Søfteland musikklag. På konserten vil ho dessutan spela på det finske nasjonalinstrumentet kantele.

Vi håper at mange fusingar og osingar vil ta turen til Fusa kyrkje denne kvelden. Sjå felles annonse for julekonsertane i Fusa i avisa.

Kor(t)pusten