Ante Antibac: Alle skal bli reine.

Les Rune Hesjedal (8C) sitt eventyr om korona: Den sjuande mann inni huset

– Ein vanskeleg situasjon kan me letta med litt latter og humor, seier Rune Hesjedal i 8C på Fusa ungdomsskule som har skrive eventyr og teikna illustrasjonar om korona.

Det var ein gong eit land langt vekke. Her levde alle fredeleg saman. Alle hadde sine måtar å leva på. Alle løyste dei daglegdagse problema på sine eigne måtar. Alle møtte trolla som stadig ferda over landet på sin måte. Trolla klarte aldri å slå seg ned i dette landet, dei vart alltid jaga vidare.

Les også
Fekk ikkje reisa på hytta, men underheldt med koronaeventyr

Nokon forsvann i lause lufta, andre gøymde seg ei stund og hoppa fram innimellom for å skremma bebuarane i dette landet. Ta for eksempel Noro-slekta. Desse trolla elskar å laga kvalme i befolkninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein gong kom den største og kraftigaste troll-slekta i manns minne. Ikkje sidan trolla som vaks opp på solkysten hadde herja i verda, hadde dei sett noko slikt. Desse trolla oppførte seg som kongar over alle kongar. Difor fekk dei namnet Corona.

Coronatrollet: Desse trolla oppførte seg som kongar over alle kongar. Difor fekk dei namnet Corona.

Dei første som gjorde seg klare til å forsvara landet, var Per og Pål Panikk. Desse karane hamstra og fylte huset sitt med både ting som dei hadde bruk for, og ting dei ikkje hadde bruk for. Når folk såg at Per og Pål var i butikken og kjøpte inn så masse dopapir, hermetisert frukt, kjøtt og suppe, så byrja dei også å hamstra saman med Per og Pål. Coronatrolla koste seg med folka i butikken. Trolla blei sterkare og sterkare for kvar dopapirrull som vart kjøpt opp. Alt dette gjorde det mogeleg for Corona å bli med folk heim.

Handletur: Per og Pål Panikk har vore på handletur.

Neste redningsmann ut var bestevenen til Per og Pål Panikk: Vidar Misjon Visjon, eller VMV som han ofte vart kalla. Når panikken hadde slått inn, stod han alltid klar, til å tena pengar. Han brukte alle kanalar til å overtyda folk om at høgare makter ville ta vekk trolla dersom dei betalte han ein liten, stor sum pengar. Det gjekk ikkje slik VMV ville. Ingen trudde på han og ingen stolte på han. Han hadde svikta dei så mange gonger før. Be til høgare makter kunne dei gjera sjølve heilt gratis.

Tredje redningssoldat ut var Ante Antibac. Planen hans var å spreia antibac ut over heile landet. Han hadde laga sin eigen kampsong for å få folket med. Han hadde alltid hatt eit problem med rimord og slikt, men han fekk det til på sin måte:

Nå har vi sprita golvet

Og vi har børi tønnè

Og vi har sett opp spritstasjon.

På alle hjørnenè

Artikkelen held fram under annonsen.

Nå sett vi oss å kvile

Og puste i eit munnbind.

Imens vi ser på trolla som druknar og forsvinnè

Dette kunne ha vore ein knallplan visst ikkje Per og Pål Panikk hadde kjøpt opp all spriten.

Alle gode ting er tre. Men dei tre første hadde ikkje fått til noko godt. Hilda og Hulda Hanske vart difor fjerde forsøk i kampen mot trolla. Hilda og Hulda Hanske hadde hatt heimeskule i matematikk heile livet. Dei tenkte at dei var to, og dobbelt så mange som ein, så dette måtte bli dobbelt så bra. I tillegg hadde dei plass til ti fingrar og det gjorde at sjansen for å overvinna trolla tidobla seg for kvart tiande minutt. Trolla sin sjanse til å overleva var redusert med sju kvart tolvte minutt. Hilda og Hulda var fjerde mann ut, alle gode ting er tre, og kva skjer viss vi gangar fire med tre? Jo, då får vi tolv – dette kan bli heilt eventyrleg bra! Men Hilda og Hulda bruker så lang til på å grubla og rekna at alle hanskane blir kjøpt opp av Per og Pål Panikk før dei er ferdige.

Hilda og Hulda Hanske

Så var det Hilmar Hyttebuar sin tur til å gå til kamp mot trolla. Hilmar var ein mann i sin beste alder. Alle verdsproblem løyste Hilmar med ein tur til hytta. Då måtte jo dette problemet kunne løysast med ein hyttetur også. Han var sikker på at alle hyttenaboane hans var einige. Han pakka bilen med dorullar og nødvendig hermetikk og sette av garde. Han ser trollproblemet i spegelen i det han køyrer vekk. Han kjenner seg trygg når han installerer seg på hytta. Her er det trygt å vera. Lenge. Han legg seg til å sova og drøymer om hermetikkboksar, dorullar og skiturar.

Tidleg neste morgon vaknar han av ein lyd. Det høyrest ut som snø som blir brøyta. Var det hyttenaboen som kom? Då må han ha kjøpt seg større snøskuter sidan sist. Han løftar gardina forsiktig til side og kikkar ut. Han ser rett inn i noko som liknar eit kanonløp. Når han ser nærare, er det akkurat det – eit kanonløp. Han hevar blikket og ser rett inn i augene til Emma Sloberg. Ho ser ikkje blid ut. Han hadde alltid drøymt om å møta statsministeren, men ikkje på denne måten.

Får besøk: Hilmar Hyttebuar får besøk.

“NÅ KOMMAR DU UT, HER EKKJE DET LÅV Å VERE! REIS HEM IGJEN TIL DER DU HØRAR HEME! ELLES SPRENGJER VI HYTTA DI I FILLEBITAR.” Skrekkslagen står han og ser på at Heimevernet marsjerer rundt i hyttefeltet. Her er det om å gjera å koma seg heim igjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den neste som ville prøve seg var Sigrid Såpe. Sigrid Såpe hadde sju doktorgradar i biologi. Ho fylte ein vasspistol med såpe og vatn. På avstand sto ho og spruta på trolla. Når trolla fekk dette på seg, vart kappane deira tunge og glatte. Trolla snubla og datt på sine egne kapper, og glei ned lia. Kappene deira rivna på vegen ned. Dette førte til at det var svake og skjøre troll som gjekk rundt, ikkje dei kraftige kongane som var før.

Angrep: Sigrid Såpe sitt angrep på trolla.

Kurt Karantene var siste mann ut i kampen. Eller eigentleg inne. Kurt Karantene hadde sett Sigrid Såpe styra på oppi lia. Han tenkte at ho var flink til sin jobb, så då trengde ikkje han gjera noko. Han kunne berre halda seg inne. Han fekk dopapir og det han trong levert på døra. Når dei andre i landet såg dette, bestemte dei seg for å gjera som Kurt og halda seg i karantene. Etter kvart som alle heldt seg inne, forsvann trolla sakte, men sikkert, ein etter ein.

Snipp Snapp Snute, så var trolla ute.

Ventar: Kurt Karantene ventar.

Rune Hesjedal