Hovudforfattar Ole-Jacob Abraham og medforfattar Terje Olsen er skuffa over Bergens Tidende.
Hovudforfattar Ole-Jacob Abraham og medforfattar Terje Olsen er skuffa over Bergens Tidende.

Lokal historikar i harnisk etter bokslakt

Etter at Ole-Jacob Abraham og Terje Olsen brukte 7 år på å skriva ei faghistorisk bok om motstandsrørsla Saborg, lét BT ein romanforfattar slakta boka på fullstendig sviktande grunnlag, ifølgje Abraham.

Øystein Lid

ol@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein skulle kanskje tru at 70 år etter krigen, skulle det gå greitt å skriva boka om den delen av motstandsrørsla under andre verdskrigen som saboterte tyskarane si verksemd på Vestlandet. Men boka «Saborg - også vi når det blir krevet» har bydd på store utfordringar både før, under og etter utgjevinga.

Då kommunistane mista heltestatusen

For å ta det første først: Sjølve Saborg-historia har vore kraftig underbelyst i norsk offentlegheit heilt sidan andre verdskrigen. Medan alle har høyrt om Milorg, har berre dei færraste kunnskap om Saborg. Og først 60 år etter krigen kunne bokprosjektet starta.

- Kvifor tok det så lang tid før denne boka kunne skrivast?

Boka "Saborg - også vi, når det er krevet"
Boka "Saborg - også vi, når det er krevet"

- Fleire av dei som var med i Saborg var kommunistar, eller såg opp til Sovjetunionen. Etter andre verdskrigen vart det snart klart at Sovjetveldet ikkje var det draumesamfunnet kommunistane trudde. Norske kommunistar vart mistenkjeleggjort, inkludert dei som hadde gjort ein viktig innsats under krigen, seier Abraham.

Samtidig hadde makthavarane i Arbeidarpartiet lita interesse av å framheva ein annan fløy på venstresida enn den dei sjølve stod for, ifølgje Saborg-medlem og osing Haldor Øvredal. "Arbeidarpartiet hadde ikkje interesse av å fortelja om kommunistane sin innsats under krigen", er Øvredal sitert på i boka.

Konflikt med kommunist

Under arbeidet med boka, oppstod det deretter nye konfliktar internt i arbeidsgruppa som Museum Vest hadde gjeve i oppdrag å skriva boka. Sentralt stod Lars Borgersrud som i tillegg til å vera krighistorikar også er kommunist. I løpet av prosessen kom det fram opplysningar om at tidl. kommunist og krigshelt August Rathke (som var med i støtteapparatet til Saborg som 18-åring) hadde vore medlem av NS eit halvt år som 14-åring. Dette førte til store diskusjonar internt, som endte med at Borgersrud insisterte på sjølv å ha redaktørmakt over alt innhaldet i boka. Då Abraham avviste dette kravet, og viste til at dei måtte stå fritt som forskarar, blei det full konflikt. Det endte med splitting i to leirar og eit rettsforlik. Forliket gjekk ut på at det skulle gjevast ut to bøker - ei med Borgersrud som hovudforfattar og ei med Abraham som hovudforfattar. Det høyrer også med til historia at Bergens Tidende publiserte avsløringa om Rathke si fortid som NS-medlem i ei nyheitssak 15. april 2014, der Rathke var avbilda med NS-solkrossen.

- Nedrig og sladderaktig

Under Saborg-utgjevinga i haust, var det dermed to bøker å melda for BTs kulturavdeling. Medan Borgersrud si vart meld av ein med hovudfag i historie og fekk terningkast fem, vart Abraham si bok slakta av ein romanforfattar utan historiefagleg bakgrunn. Gro Jørstad Nilsen meiner at boka er keisam, detaljfokusert og monoton. I tillegg hevdar ho at boka ber preg av å ha hatt eit horn i sida til motstandsmannen August Rathke. "En del av spekulasjonene har noe nedrig og sladderaktig over seg, og virker direkte infame", skriv ho blant anna.

BT var kjelde til "sladderen"

- Desse påstandane får meg til å lura på om ho i det heile tatt kan ha lese boka. Rathke er berre så vidt nemnt i boka. Det finst ingenting nedrig og sladderaktig om Rathke, berre opplysningar frå dokument og tidsvitne. Sjølvsagt kunne me ikkje utelata viktig informasjon som kom fram gjennom arbeidet, men dette er langt frå noko hovudtema i boka, seier Abraham. Han viser også til kjeldereferansen dei har gjeve i boka på at Rathke var NS-medlem, er den nemnde nyheitssaka i BT frå i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dersom det er gjort noko karakterdrap av Rathke i denne saka, er det altså kome frå BT, seier Abraham.

- Føler de at Rathke-saka no overskyggar den eigentlege historia i boka?

- Ja, oppslaga i blant anna BT har gjeve dette unaturleg mykje fokus. I vår bok er ikkje dette noko stort poeng. Dette er ei historie som handlar om vanlege menn og kvinner som gjorde ein innsats som før ikkje er fortalt. Dagleg får me tilbakemeldingar frå folk som er så glade for at dei no får vita kva som faktisk skjedde, og kva slektningane deira har vore med på. Det er dei Bergens Tidende dolkar i ryggen ved si framferd, seier Abraham.

BT: - Ein bokmeldar må stå fritt

Etter at BT trykte bokmeldinga har dei motteke mykje kritikk. "En bokanmeldelse som ikke burde ha vært på trykk" var tittelen på eit lesarinnlegg frå kollegaer av Ole-Jacob Abraham i Museum Vest. Dei går til åtak på bokmeldarens "sleivete" bokmelding, og ber om at ein kompetent og nøytral faghistorikar melder boka.

Gudmund Skjeldal, litteraturansvarleg i BT, avviste påstandane i eit heilsides svar 25. oktober. Han viser til dette tilsvaret når «Os og Fusaposten» ber om kommentar.

- Kvifor valde de å la ein romanforfattar melda ei historisk bok? - Det at Gro Jørstad Nilsen har skrive ein roman, diskvalifiserer ikkje henne som meldar av ei historisk bok. BT vender seg til den breie allmennlesaren, og Nilsen melder boka på vegner av desse, seier Skjeldal.

- Redaksjonen kan ikkje leggja føringar

- Bokmeldaren hevdar at Abraham har hatt eit horn i sida til August Rathke, sidan dei skriv om at han var medlem av NS som 14-åring. Men boka nyttar Bergens Tidende som kjelde på dette punktet. Gjev det meining å kritisera ei bok for å skriva om noko som BT har avslørt?

- BT gjer ting på ulike nivå. Me har ein nyhendejournalistikk og ei bokdekning som inkluderer eksterne bokmeldarar. Desse står heilt uavhengig av kvarandre, og redaksjonen kan sjølvsagt ikkje leggja føringar på kva ein bokmeldar kan og ikkje kan meina i ei melding, seier Skjeldal.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Abraham seier at de no har refusert fleire lesarinnlegg i tilknyting til dette?

- Eit lesarinnlegg som kom frå professor emeritus Edgar Hovland har me refusert fordi det var alt for langt, og fordi det ikkje inneheldt nye moment i forhold til det me alt hadde trykt. Men Abraham sjølv har så langt ikkje skrive noko lesarinnlegg, og det vil eg gjerne oppfordra til at han gjer, seier Skjeldal.